Perkutan coronar intervensjon
PCI (utblokking) er en teknikk som brukes for å utvide trange områder i hjertets kransarterier. Behandlingen blir brukt ved Angina Pectoris og hjerteinfarkt.
Dusj kvelden før, eller same morgon som undersøkinga, om tilstanden din tillèt det. Du kan ete små porsjonar til alle måltid før undersøkinga. Du må fjerne naglelakk og sminke og ta av klokke, ringer og smykke.
Du kan ta dei faste morgonmedisinane dine, unnateke:
Du blir køyrd til undersøkinga i seng eller rullestol, iført pasientskjorte og truse.
Du får lokalbedøving ved innstikkstaden (lysken eller handleddet) før vi fører eit kateter opp gjennom pulsåra og til hjartet. Vi gir kontrastvæske gjennom kateteret, og forsnevringar i kransarteriane blir synlege på røntgenfilm.
Eit kateter med ballong blir ført opp til det tronge området i kransåra. Her blæs vi opp ballongen og utvidar området. For å halde kransarterien open, legg vi ofte inn ei forsterking, ein såkalla stent; eit metallgitter forma som ein sylinder.
Under inngrepet kan du merke forbigåande smerter og ubehag i armen når vi fører inn kateteret, og når vi blæs oppballongen for utblokking av åra. Du kan også oppleve varmesanseinntrykk når du får kontrastvæske. I sjeldne tilfelle kan du også merke kvalme, flimring for auga og rar smak i munnen. Nokon får brystsmerter og blir tungpusta. Ved innstikk i lysken kan du merke ubehag når stikkstaden blir lukka.
Du får smertestillande og roande middel ved behov.
Når du får lagt inn stent vil du få ein ekstra blodfortynnande medisin, Plavix® eller Brilique®, som skal hindre blodproppdanning i stenten. Denne medisinen skal du ta dagleg i eit visst tal månadar. Kor mange månadar, bestemmer legen.
Risikoen for komplikasjonar ved utblokking (PCI) er liten. Den vanlegaste komplikasjonen er bløding frå innstikkstaden. Kateteret kan komme borti flak av åreforkalking som kan losne. I sjeldne tilfelle kan dette utløyse eit hjarteinfarkt eller eit hjerneslag.
Kirkeveien 166
0450 Oslo