Før operasjonen
Før operasjonen skal du ha samtale med sjukepleiar, anestesilege og kirurg som informere deg om sjølve operasjonen. Her får du også tilbod om sædbanking, det vil seie nedfrysing av sæd, og eventuelt tilbod om testikkelprotese.
Vi tar blodprøvar og urinprøve.
Dersom det er mistanke om testikkelkreft vil det bli tatt ein CT, vanlegvis før operasjonen.
Operasjonsdagen
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
På sjukehuset blir du bedt om å dusje og fjerne hår frå operasjonsfelt.
Du får tilbod om roande og smertestillande medisinar
