Vi anbefaler at du held deg i fysisk aktivitet og prøver å leve som normalt. Vi anbefaler røykeslutt, røyking aukar risikoen for komplikasjonar under og etter operasjon.
Du blir kalla inn til ei forundersøking/ poliklinisk time før operasjonen for at du skal få informasjon og for at vi skal planlegge inngrepet. Vi gjer undersøkingar av hjarte og lunger, og gjer ei gynekologisk undersøking med ultralyd. Ta med deg ei oppdatert liste over medisinane du bruker til forundersøkinga.
- Du får beskjed om nødvendige førebuingar. Skal du til dagkirurgi, førebur du deg heime. Blir du lagd inn på sjukehuset dagen før operasjonen skjer førebuingane der.
- Du må dusje (inkludert hårvask) og barbere bort kjønnshår som er synleg i ståande stilling. Bruk maskin - ikkje høvel.
- Naglelakk og alle smykke, ringar, armbandsur og piercing må vere tatt av – også giftering.
- Det kan i nokre tilfelle vere aktuelt med tarmtømming for operasjonen.
- Om vi mistenker at kreftsjukdommen affiserer tarmen, markerer vi på huda der du kan få utlagt tarm (stomi).
- Du får roande tablettar før du blir køyrd ned til operasjon. Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

