Fødeepiduralen blir sett av ein anestesilege. Anestesilegen spør deg først om du har sjukdommar eller allergiar som kan påverke avgjerda om du kan få epiduralbedøving.
Det er sjeldan at du ikkje kan få epidural som smertelindring. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar eller har ei blødingsforstyrring, må epidural planleggast i forkant. Ein låg dose blodfortynnande treng ikkje å vere til hinder for å få epiduralbedøving, men det er viktig at anestesilegen får beskjed dersom du bruker dette.
Dersom du har infeksjon i området der epiduralen skal settast, kan du ikkje få epidural.
Venekateter
Før fødepiduralen blir sett må du få venekateter (eit tynt plastrøyr) som blir lagd i ei blodåre på handa eller underarmen. Venekateteret skal brukast til å gi væske og medisinar direkte inn i blodet om du skulle trenge det. Venekateteret må du ha så lenge du har epiduralkateteret, vanlegvis til fødselen er over.

