Det er viktig at barn og unge som skal til undersøkinga, er godt førebudde. Vi anbefaler derfor at foreldre eller føresette les informasjonen nøye og forklarer barnet kva som skal skje.
For at bilda skal bli gode, må barnet ligge heilt stille under undersøkinga. Nokre barn kan derfor få roande medisin, og i somme tilfelle er det nødvendig med narkose. Dette blir vurdert individuelt.
Foreldre eller føresette kan vere med under heile undersøkinga. Gravide kan ikkje vere inne på CT-rommet.
CT utan narkose
Det er viktig å førebu barnet på at det må ligge stille på ein benk som bevegar seg inn og ut av CT-maskina.
- Barnet kan ete og drikke som vanleg før undersøkinga dersom de ikkje har fått nokon annan beskjed.
CT i narkose
Barn som skal ha narkose, må faste før undersøkinga. Kor lenge barnet må faste, avheng av alder. De får informasjon om dette i innkallinga.
Faste inneber at barnet ikkje skal ete, drikke, tygge tyggegummi eller bruke pastillar i den aktuelle tidsperioden.
CT med intravenøs kontrastvæske
I nokre tilfelle blir intravenøst kontrastmiddel brukt for å få betre bilde. Konstrastmiddelet blir gitt i ei blodåre gjennom ei tynn plastnål (venekanyle) men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bilda. Dersom barnet skal ha kontrast i blodet, får ho/han eit plastrøyr (kanyle) lagt inn i ei blodåre. De vil på førehand bli spurde om barnet har hatt reaksjonar på kontrastmiddel tidlegare, og om det finst andre risikofaktorar.


