- Du får informasjon om vidare behandling når du har komme tilbake til sengerommet.
- Nokre opplever smerter i magen same ettermiddag/kveld, men det er som regel nok lindring i Paracet og varmeflaske. Du skal ikkje bruke Ibux på grunn av auka fare for bløding.
- Vi kan gi deg sjukmelding som gjeld frå egg blir teke ut, til egg blir sett inn.
- Du bør ha følgje heim etter at du har vore gjennom uttak av egg. Du bør ikkje vere åleine dei første timane etter at du har kome heim, sidan du har fått ulike smertestillande medisinar.
- Dagen etter uttaket av egg vil laboratoriet ringje deg for å gi beskjed om kor mange egg som har blitt befrukta. Då får du også beskjed om tidspunkt for når vi vil setje inn det befrukta egget.
- Vi tilrår at du ikkje har samleie i to veker etter egguttak. Du skal heller ikkje bruke tampong eller bade i basseng, badekar eller sjø dei to første vekene etter uttaket av egg. Vi tilrår også at du har redusert fysisk aktivitet i same periode.
Etterbehandling
Vi gir etterbehandling med progesteron etter uttaket. Progesteron er eit hormon som byggjer opp livmorslimhinna og førebur livmora på å ta imot eit befrukta egg. Behandlinga startar på dagen vi hentar ut egg.
Det er vanleg med auka utflod og at restar av medisinen kjem ut igjen.
Innsetjing av befrukta egg
- På dag 3 til 5 etter egguttaket, set vi tilbake eit befrukta egg.
- Du ligg på ein gynekologisk undersøkingsbenk. Legen fører eit tynt kateter gjennom skjeden og inn i livmora, der egget blir plassert. Dette tek normalt cirka 15 minutt.
- Dette gjer ikkje vondt, så vi gir ikkje smertestillande i samband med innsetjing av egg.
Dei aller fleste får sett inn eitt befrukta egg, men etter nøye medisinsk vurdering kan det i nokre tilfelle setjast inn to.
Tvillingsvangerskap er assosiert med auka risiko for fosterdød, for tidleg fødsel og låg fødselsvekt. Mange alvorlege komplikasjonar opptrer hyppigare i tvillingsvangerskap enn ved vanlege svangerskap, til dømes svangerskapsforgifting og –diabetes.
To veker etter egguttak
Vi vil at du skal ta ein blodprøve cirka 2 veker etter egguttak, også sjølv om du har fått bløding. Nokre kvinner opplever menstruasjonsliknande smerter og sporblødingar i løpet av desse to vekene, men kan likevel vere gravide.
Dersom du kjem til oss for å ta blodprøven før klokka 09.30, får du svar same dag. Dersom du tek prøven hos fastlegen eller andre stader, må du sjølv kontakte oss etter nokre dagar for å få svar.
Ein av sjukepleiarane våre vil kontakte deg og gi deg svaret på testen. Dersom graviditetstesten er positiv, tilrår vi ultralyd cirka i veke 8 i svangerskapet.
Dersom vi har kapasitet, kan du få tilbod om ultralyd på sjukehuset. Alternativt må du ta ultralyd hos eigen gynekolog. Då er det viktig at du eller gynekologen melder frå til oss om resultatet frå ultralyden. All vidare oppfølging blir gjort av fastlegen eller jordmora di.
Dersom blodprøven er negativ, kan de saman med sjukepleiar sjå på kva som er mogleg for vidare behandling.