Vær oppmerksom
Biverknader kan variere frå person til person, og er avhengig av kor stor ståledose som blir gitt, kva område på kroppen som får stråling og størrelsen på strålefelta.
Dersom du får eller har fått cellegift i samband med strålebehandlinga, vil du lettare få reaksjonar på strålinga i form av biverknader.
For å tole behandlinga best mogeleg, er det viktig at du får i deg nok næring og drikke.
Vanlege generelle biverknader
Du kan føle deg meir trøytt og slapp enn elles, og ha eit større søvnbehov.
Vanlege lokale biverknader
Hudreaksjonar
Ein kan få strålerekasjonar i huda (liknar solbrentheit) i det området som får strålebehandling. Dette skjer vanlegvis ikkje før etter 2 - 3 veker. For å lindre ubehag kan du smøre strålefeltet med feit krem, for eksempel Apobase (blå), etter behandlinga. Omslag med fysiologisk saltvatn kan også ha lindrande effekt.
Du bør bruke klede av naturfiber, som bomull og lin, og unngå parfymerte produkt på området som får behandling.
Tørr i munnen
Ved stråling av spyttkjertlar kan ein bli tørr i munnen. Dette skjer fordi spyttproduksjonen går ned og spyttet endrar konsistens og blir seigt. Ein konsekvens av dette er auka risiko for hol i tennene.
Tap av / forandra smakssans
Både behandlinga og sjølve sjukdommen kan vere årsak til endra eller tapt smakssans. Smaksoppfatninga kan nokre gongar bli forandra ved at for eksempel søtt smaker surt og omvendt.
Sårheit i munnhole og hals
Du kan bli sår i munnhole og hals, fordi slimhinnene blir påverka av strålinga. Dette kan gi smerter og grobotn for infeksjonar.
Sårheit i munnhola kan også gjere det vanskeleg å bruke tannprotesar.
Kvalme/oppkast
Kvalme kan oppstå ved stråling mot hovud-/ halsregionen og må ofte behandlast med kvalmedempande medisinar. Du får resept av legen. Frisk luft og rikeleg med drikke kan også redusere plagene.
Ved kvalme kan det vere lurt å ete små og hyppige måltid. Det kan også vere aktuelt med rettleiing av ernæringsspesialist.
Svelgvanskar og vekttap
Fleire av biverknadane kan føre til at du får dårleg matlyst og vanskar med å ete. Ein konsekvens av dette kan vere at du går ned i vekt.
For å førebygge og lindre desse biverknadane er det svært viktig med god munnhygiene, rikeleg med drikke, ete næringsrik og tilpassa mat i tillegg til å unngå tobakk og alkohol i behandlingsperioden.
Håravfall
Etter 2 - 3 veker vil hår i behandlingsfeltet ofte falle av. Om håret veks ut igjen, er avhengig av kor høg stråledose du får.