Ved mistanke om retinoblastom, blir barnet lagt i narkose for grundigare augeundersøking.
Når diagnosen retinoblastom er bekrefta, blir det i same narkose gjort vidare kartlegging av tal, størrelse og plasseringa av svulsten, og for å vurdere om det er i begge auga. Etter narkoseundersøkinga blir barnet tilvist til MR av hovudet og til barneonkolog ved Rikshospitalet.
Utgreiing/undersøking i narkose blir gjord hyppig dei først åra etter at diagnosen er bekrefta.
Oftalmoskopi
Netthinna blir undersøkt grundig med eit instrument med lysskilde og forstørringsglas.
Bilde av netthinna
Vi tar først bilde av netthinna. Dette blir gjort både under utgreiinga og ved alle kontrollar seinare. Bilda blir samanlikna frå gong til gong for å sjå om det har vore forandringar.
Ultralyd
Det er vanleg å ta ultralyd av auget for å måle størrelsen til kreftsvulsten og eventuelt kalkinnhald. Ultralyd blir vanlegvis berre gjord under utgreiinga.
Det er vanleg å ta ultralyd av auget for å måle størrelsen til kreftsvulsten og eventuelt kalkinnhald.
OCT (Optic Coherence tomography)
OCT er ein type skanning som fungerer på same måte som ultralyd. Ein tar eit tverrsnittbilde av netthinna og måler tjukna til dei ulike laga i netthinna. Denne undersøkinga blir gjord både under utgreiinga og ved alle kontrollar seinare.
MR av hovudet
Vi tar MR av auget og hjernen. Dette tar vi for å sjekke at det ikkje er nokon svulst utanfor auget. Mr-undersøkinga blir vanlegvis berre gjord under utgreiinga.