All informasjon om operasjonen får du på prostatakreftpoliklinikken. Du må gjerne ha med deg pårørande til denne timen. Du får også innkalling til ein førebuande dag på preoperativ poliklinikk. Denne dagen skal du:
- snakke med sjukepleiar
- ta blodprøver
- bli undersøkt av lege
- eventuelt ha samtale med operatør/overlege (dei fleste har hatt samtale tidlegare på prostatakreftpoliklinikken)
- få informasjon om trening av bekkenbotn
- ha samtale med anestesilege eller anestesisjukepleiar
- eventuelt gjennomføre andre undersøkingar
- ta med urinprøve
Tarmtømming i forkant av operasjon
I enkelte tilfelle kan det vere nødvendig å tømme tarmen før operasjonen ved å ta eit lite klyster (klyx-120 ml) som du får kjøpt på apotek. Vi vil gje deg beskjed dersom dette gjeld deg.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Oppmøte
Du vil bli tatt imot av sjukepleiar som førebur deg til operasjon. Dette inneber:
- Du får tildelt seng.
- Operasjonsfeltet blir barbert
- I enkelte tilfelle blir det tatt blodprøver.
- Samtale med operatør, dersom du ikkje har hatt det på førehand.
Cirka ein halv time før du blir køyrt til operasjon, får du smertestillande og roande medisin med litt vatn. Då er det viktig at du har pussa tennene og tømt urinblæra.