Det er mange ting du må ta stilling dersom du har blitt spurd om å donere ei nyre. I tillegg til ønsket om å hjelpe ein du er glad i som treng ny nyre, må du også tenke gjennom korleis donasjonen vil påverke deg – både fysisk, psykisk og praktisk både på kort og lang sikt.
Eit vanleg spørsmål frå potensielle givarar av nyre er om donasjonen set ned givars helse og livskvalitet.
Det skjer at menneske fødast med berre éi nyre utan at dette påverkar helsetilstanden deira. Når ein gir bort ei nyre, blir ikkje nyrefunksjonen halvert, som ein skulle tru. I løpet av kort tid vil funksjonen i den nyra som er att auke slik at ein endar opp med cirka 75 prosent av den funksjonen ein hadde med to nyre.
Levande givarar går gjennom ei grundig medisinsk vurdering før ein eventuell donasjon. Dei er derfor spesielt utvalde friske personar. Undersøkingar har vist at nyregivarar i gjennomsnitt oppnår høgare levealder enn gjennomsnittsbefolkninga. Det er også vist at nyregivarar sjeldnare blir uføretrygda. Tidlegare og nyare studiar har vist at livskvaliteten hos norske nyregivarar enten var like god eller betre samanlikna med den norske normalbefolkninga. Å ha gitt ei nyre påverkar ikkje arbeidsevne eller moglegheita for fysisk aktivitet.
Du må tenke nøye igjennom kva for nokre praktiske følger tida i samband med innlegginga og rekonvalesentperioden vil få for familien din og arbeidssituasjonen din.
God planlegging vil forhindre at du opplever problem i etterkant. Dersom du har små barn, må du i god tid før innlegginga på Rikshospitalet planlegge kven som skal hjelpe til med omsorg av barna, og kor lenge dette vil vere nødvendig. Det er viktig å hugse på at det tar tid før du sjølv er i stand til å ta deg av barna. Eventuelle økonomiske tilskot til barnepass må vere avklarte før innlegginga.
Ektefellar/sambuarar som har vore høvesvis givar og mottakar, og er busette nær Rikshospitalet, vil komme heim omtrent samtidig. Det kan medføre ekstra utfordringar da begge vil ha nedsett funksjonsnivå den første tida etter operasjonen. For den som bur aleine kan det også den første tida vere behov for noko praktisk hjelp. Det er viktig at ein tenker gjennom kva ein treng hjelp til, kven som kan hjelpe og korleis hjelpa skal finansierast.
Det er fleire psykologiske og sosiale aspekt av betydning som ein må vurdere før ein tar avgjerda om å gi bort ei nyre. Noko av det du må ta med i di vurdering er korleis donasjonen vil påverke forholdet ditt til mottakaren på kort og lang sikt. Takksemdgjeld eller lojalitetskonflikt kan skape problem i forholdet mellom givar og mottakar.
Dersom problem oppstår, er det viktig å ha nokre andre å diskutere med. Du kan ta spørsmålet opp med lege, sjukepleiar eller sosionom på sjukehuset, eventuelt bli vist til andre som kan vere ein samtalepartnar for deg. For mange vil det vere nyttig å diskutere med ein som har vore i same situasjon.
Kor lang sjukmeldingstid du treng etter donasjonen, er svært individuelt og avhengig av kva type arbeid/yrke du har. Det er vanleg at du ved utreise frå Rikshospitalet får sjukmelding for inntil 6 veker frå operasjonsdagen. Du bør derfor i planlegginga di legge inn at du minimum blir borte frå arbeidet i 6 veker. Dersom det er spesielle tidsrom det er vanskeleg for deg å vere borte frå jobb, kan det takast omsyn til det i fastsetting av tidspunkt for donasjonen.