I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Kva undersøkingar som blir gjorde varierer, og avheng av kva undersøkingar som er utførte før du kjem til vidare utgreiing. Vi tek ofte blodprøver og gjennomfører ei gynekologisk undersøking i lett narkose.
Det blir gjort inspeksjon av utbreiing av svulsten og det blir vevsprøve teken frå svulsten, stundom fleire stader. Dersom det er mistanke om at svulsten har spreidd seg til blære eller tarm blir det gjort ei undersøking av blæren (cystoskopi) og endetarmen (rektoskopi).
Tilleggsundersøkingar er eventuelt CT av lunger og mage og/eller MR av mage/bekken.
Formålet med dei ulike undersøkingane er å anslå celletypen, utbreiinga og eventuell førekomst og spreiing av svulsten, for å kunne bestemme vidare behandling.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.