Les innkallingsbrevet godt. Der får du informasjon om kva medisinar du må slutte med nokre dagar før innlegginga. Desse er nemnt ved medikamentnamn og gjeld i hovudsak blodfortynnande medisinar for å redusere blødingsfare ved operasjon.
Førebu deg på om lag ei veke på sjukehuset. Ta med medisinar, toalettsaker, klede som ikkje strammar og stødige innesko/tøflar. Vi anbefaler at du berre tar med deg det mest nødvendige, særleg gjeld dette pengar og verdisaker.
For mange kan ventetida før innlegginga kjennest lang og vanskeleg. Sjølv om du er komme på plass i avdelinga, er det framleis ein situasjon prega av spenning og mange tankar rundt den kommande operasjonen. Dette er heilt normalt, og du vil treffe andre pasientar som har det på same måte.
Dei fleste pasientane blir operert dagen etter innlegging, men på grunn av augeblikkeleg hjelp-operasjonar kan det bli endringar i oppsette operasjonar.
Dagen du kjem, får du ei samtale med og informasjon frå ein sjukepleiar. Du får snakke med legen som har vakt denne dagen, og legen går gjennom journalen din. Fysioterapeuten informerer om korleis du lettast skal komme opp etter operasjonen, samt kva du sjølv kan gjere for å førebygge komplikasjonar.
Før operasjonen får du informasjon av den kirurgen som skal operere deg, og anestesilege som skal gi narkosen.
Du kan ha med ein av dine pårørande når du mottar informasjon. Hugs å skrive ned spørsmål først, då ein har lett for å gløyme dei undervegs!
Som ein del av rutinane før operasjonen vil det bli tatt:
- Blodprøver
- Lungerøntgen
- EKG (hjarterytmeprøve)
- Dersom du ikkje har hatt avføring dagen før operasjonen, får du eit lite klyster om kvelden.
- Operasjonsområdet og eventuelt skjegg (dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle) blir barbert.
- Du skal dusje og vaske håret like før du legg deg. Det er ikkje nødvendig å bruke nokon spesiell såpe. Etter dusjen skal du ha på reint sjukehustøy. Hugs å ta på tøflar/sko dersom du må opp, f.eks. på toalettet.
- Du skal fjerne eventuell naglelakk og sminke.
- Du får tilbod om sovemedisin om kvelden.
- Etter kl. 2400 må du faste, dvs. ikkje ete, drikke, røyke, bruke snus eller suge på pastillar.
- Du blir vege.
- Ta av smykke og klokke. Den tida du er på operasjon- og intensivavdelinga vil bagasje og verdisaker vere innlåst i pasientgarderobe. Toalettmappe, eventuelt briller, hostepute og pustefløyte skal du ikkje pakke ned. Dette skal du ha med når du blir køyrt til operasjon.
- Dei fleste får ei «likegladsprøyte» om lag ein time før dei blir køyrt til operasjonsavdelinga. Denne gjer at du blir avslappa, døsig og litt tørr i munnen.
- Eventuelle tannprotesar blir tatt ut like før du blir køyrt inn på operasjonsstova.