Diagnosen blir i første omgang stilt ved å kartlegge sjukehistoria og dessutan ved undersøking av pasienten. I tillegg kan det vere aktuelt å ta ei hudprøve (biopsi) for spesielle analysar. Gentest med DNA-analyse av ei blodprøve blir nå utført rutinemessig for å stille ein så eksakt diagnose som mogleg.
Teikn og symptom
Junksjonal EB blir delt i to hovudgrupper: Generalisert og lokalisert. Alvorsgrada kan variere innanfor begge grupper, men er stort sett mykje meir alvorleg blant dei med generalisert type. Junksjonal invers EB tilhøyrer dei lokaliserte.
Hud
Ved junksjonal EB blir det danna blemmer og sår i den midtre delen av junksjonalsonen. Sjukdommen påverkar fleire hudområde. Huda kan losne lett og late etter seg opne sårflater. Såra kan gi arr, særleg dersom det oppstår infeksjonar. Blemmene oppstår gjennom heile livsløpet. Dårleg allmenntilstand og funksjonsnedsetting som for eksempel gangvanskar på grunn av sår, arr og smerter, kan førekomme.
Auge
40–50 prosent av personar med alvorleg EB har augeproblem. Smertefulle sår på hornhinna med etterfølgande arr. Dette kan påverke synet. Risiko for hornhinnesår er høgare ved tørre auge.
Hår/negler
Det kan oppstå håravfall og nagleforandringar.
Munn/svelg
Mange får blemmer og sår på leppene, tunga og i munnhòla. Desse blir langsamt lækja og kan gi arr. Arrdanninga kan redusere rørsla av tunge og leppe og føre til det blir vanskar med å gape ordentleg. Mange har problem med å tygge og svelge.
Tenner
Det kan vere vanskeleg å gape for å pusse tennene. Tannemaljen er iblant tynnare enn normalt og dekker ikkje heile tanna. Emaljen kan også mangle mineral, noko som fører til ising og aukar risiko for hol i tennene.
Matrøyr/tarm/urinvegar
Det kan oppstå blemmer i matrøyret, endetarmen og urinrøyret. Mange med alvorleg EB er plaga med at mageinnhald strøymer tilbake frå magesekken og opp i matrøyret (gastroøsofagal refluks, GØR). Gråt og forstyrra søvn hos småbarn kan tyde på refluks.
Smerte
Mange lever med daglege smerter i ulike delar av kroppen.
Dystrofisk EB av recessiv type
Ved dystrofisk EB av recessiv type oppstår blemmer og sår i den «nedste» delen av junksjonalsonen, som er området mellom overhuda og lêrhuda, og dette kan angripe både hud og slimhinner. Sårområda lèt etter seg arr når dei gror, og kan gi lokale plager i tillegg til rørslehemning.
Kroniske sår i huda som ikkje gror, for eksempel på hender og føter, kan føre til samanvaksne fingrar og tær. Det er ein auka risiko for å utvikle hudkreft i sårområde som ikkje gror.
Dei andre symptoma er stort sett like dei som er nemnde ovanfor under junksjonal EB.
Kindler syndrom
Kindler syndrom er ein samansett tilstand med ulike symptom. Frå fødsel av er det hudblemmer, seinare hudatrofi, auka pigmentering på solutsette stader, utviding av små blodårar. Med åra aukar slimhinneproblem. Det er auka risiko for hudkreft i vaksen alder.