Før operasjonen vil du bli kalla inn til ei forundersøking. På dagen for forundersøkinga vil vi planlegge inngrepet som skal gjerast og du vil få god informasjon om kva som skal skje.
Vi gjer ei generell undersøking av hjarte og lunger, og dessutan ei gynekologisk undersøking med ultralyd. Det er viktig at du har med deg ei oppdatert liste over dei medisinane du bruker til forundersøkinga. Du vil få beskjed om korleis du skal forhalde deg til medisinane dine før operasjonen.
I samband med forundersøkinga eller ved innlegginga får du også snakke med ein anestesilege.
Du vil få beskjed om nødvendige førebuingar. Skal du til dagkirurgi, gjer du desse førebuingane heime. Skal du leggast du inn dagen før operasjonen, skjer dei på sjukehuset.
Naglelakk og alle smykke, ringar, armbandsur og piercing må vere tatte av – også giftering.
Det kan i nokre tilfelle vere aktuelt at du tømmer tarmen, og enkelte gonger også markering med tanke på stomi (utlagd tarm) før operasjonen dersom det er mistanke om at kreftsjukdommen affiserer tarm.
Du får roande tablettar før du blir køyrd ned til operasjon.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.