Pasientar som er opererte i magen, kan oppleve å få brokk i operasjonsarret. Dette kan skje når laga i bukveggen ikkje gror skikkeleg saman igjen etter operasjonen. Arrbrokk kan gi smerter og ubehag ved bruk av magemusklane. Brokk er i tillegg ofte kosmetisk skjemmande for pasienten. I nokre tilfelle kan brokk føre til inneklemming av for eksempel tarm, med fare for tarmslyng.
Behandlinga er berre kirurgisk og kan utførast både med kikhòlskirurgi og med open kirurgi, som oftast i full narkose. Små brokk kan opererast med lokalbedøving. Operasjonstida varierer, men kan ta mellom 1 til 3 timar, alt avhengig av størrelsen og karakteren til brokket.
Du må vere fastande minst seks timar før operasjonen for å fjerne brokket. Du kan ta dei faste medisinane dine heilt inntil innleggingsdagen. Om du bruker blodfortynnande, må du høyre med legen din om du må ta ein pause før operasjonen.
Hos dei fleste pasientar som bruker Sirolimus/Everolimus kan det vere aktuelt med eit mellombels byte av medikament for å forbetre sårtilhelingen. Dette bør skje cirka éin månad før operasjonen og du vil ikkje gå tilbake til Sirolimus/Everolimus før cirka 3 månader etter operasjonen. Snakk med legen din om dette.
Under og etter operasjonen vil du få smertestillande i form av tablettar, intravenøst eller gjennom eit tynt kateter som blir lagt inn i ryggen (epidural). Dette blir vurdert i forhold til kor stort brokk du blir operert for. Framleis god smertelindring etter operasjonen er også viktig for at du skal kunne vere i aktivitet, kunne hoste opp slim, puste lett, kvile og få god nattesøvn.