Under utgreiing for mogleg moyamoya-sjukdom må du gjennom ulike undersøkingar. Før du kjem, er det viktig at du har oversikt over når symptoma dine byrja, kva dei består av, kor ofte dei finst, og om det er noko som utløyser symptoma. Dersom det er andre i familien din som har hatt hjerneslag i ung alder, er det viktig at du opplyser om dette.
Klinisk nevrologisk vurdering
Vi gjer først ei klinisk nevrologisk vurdering, der vi går nøye gjennom symptoma du har. Deretter gjer vi ei nevrologisk undersøking. Mange må også gjennom ei nevropsykologisk undersøking der vi testar ulike kognitive funksjonar (til dømes konsentrasjonsevne, minne, orienteringsevne, problemløysing med meir).
Blodprøvar og andre laboratorieundersøkingar
For å behandle deg optimalt, er det nødvendig med ulike laboratorieundersøkingar som inkluderer diverse blodprøvar. Det kan også bli aktuelt med prøvar av spinalvæske for å utelukke andre aktuelle diagnosar eller påvise tilleggsdiagnosar.
Biletundersøkingar
Under utgreiinga er det også behov for biletundersøkingar. Dette inkluderer MR-bilete av hovudet med spesialsekvensar, og i nokre tilfelle kateterbaserte kontrast-røntgenundersøking, såkalla cerebral angiografi. Det kan også bli aktuelt med undersøking med Posisjonsemisjonstomografi (PET).
Mange pasientar har allereie gjort biletundersøkingar ved lokalsjukehuset. Det er typisk MR- og CT-bilete av pulsårane på halsen og i hovudet. Det vil ofte vere eit behov for at vi gjentek nokre av desse undersøkingane for å følgje med på utviklinga av sjukdommen. For best mogleg kartlegging vil nokre av biletundersøkingane bli gjorde medan du får medikament inn i kroppen, som til dømes kontrast og eit stoff som heiter Diamox©.
Når alle resultat er på plass, diskuterer vi diagnosen og vidare behandlingsmoglegheiter med deg. Målet vårt er å finne ut kva som er den beste behandlinga for deg som pasient.