Diagnosen Gorlins syndrom kan vere vanskeleg å stille. Nokon får stilt diagnosen først i vaksen alder, særleg dersom diagnosen ikkje er kjend i familien frå før. Ein gentest kan i dei fleste tilfella stadfeste diagnosen.
Diagnosen blir stilt klinisk dersom personen oppfyller:
- to hovudkriterium og eitt tilleggskriterium, eller
- eitt hovudkriterium og tre tilleggskriterium
Hovudkriterium
Basalcellekarsinom (BCC)
Basalcellekarsinom (BCC) er ei form for hudkreft. Personar med Gorlins syndrom får vanlegvis basalcellekarsinomer tidleg i vaksenlivet, men dei kan også oppstå i barne- og ungdomsalder. Basalcellekarsinomene kan opptre som fortjukkingar i huda, «knuter», eller sår, og kan komme fleire stader på kroppen. Nokon utviklar berre nokre få, medan andre får svært mange i løpet av livet. Jo mørkare hudtype, det vil seie meir pigment i huda, desto lågare er risikoen for basalcellekarsinomer.
Kjevecystar
Dei fleste med Gorlins syndrom utviklar kjevecystar. Kjevecystar kjem gjerne i tenåra, dei fleste får det når dei er mellom 10 og 30 år. Nokon får cystar allereie frå 7-8 års alder, gjerne i samband med utbrot av tenner. Cystane er ikkje farlege, men dei kan etter kvart gi hevelsar, smerter og øydeleggje tenner og kjevebein. Rask behandling er derfor viktig. Sjølv om cystane blir fjerna kan dei komme igjen, så det er viktig med regelmessig oppfølging.
Pits
Pits er små fordjupingar/groper i huda i handflater og i fotsolar. Har hendene eller føtene vore lenge i vatn kan pitsene bli tydelegare å sjå. Det er vanlegvis ingen plager knytte til pits, og dei krev inga behandling.
Tidleg forkalking av hjernehinner
Dersom det er teke ei røntgenundersøking av hovudet, kan det hos nokon sjåast ei tidleg forkalking av hjernehinnene. Dette er igjen ikkje noko som gir plager, men det er eit kjenneteikn som kan vere med å stadfeste diagnosen Gorlins syndrom.
Hjernesvulst (medulloblastom)
Medulloblastom er ein vondarta hjernesvulst som rammar nokre få personar med Gorlins syndrom. Risikoen for å utvikle medulloblastom er størst dei første tre leveåra, for ei undergruppe av individ med Gorlins syndrom (SUFU-variant). Dei personane som er i risikogruppa, tek regelmessig biletundersøking av hovudet (MR caput).
Førstegradsslektning med Gorlins syndrom
Dersom mor eller far, barn eller søsken (førstegradsslektning) har Gorlins syndrom, er dette eit såkalla hovudkriterium.
Tilleggskriterium:
- Stort hovud
- Forandringar i ribbein
- Leppe-/ganespalte
- Augeforandringar som til dømes skjeling, lang- eller nærsyntheit, hornhinnefordunkling, grå star og/eller andre medfødde augeforandringar
- Godarta bindevevsknutar (fibromer) i hjartet og/eller eggstokkar
- Godarta cystar i mageregion (tarmkrøset) eller i lungene (pleura)
- Medfødde skjelettforandringar som skeiv rygg, forandringar i ryggvirvlar, samanvaksne fingrar eller tær, eller ekstra fingrar eller tær
Genetisk stadfesting
Diagnosen kan i cirka 80 prosent av tilfella stadfestast ved ein gentest som viser ein sjukdomsgivande variant i PTCH1-genet, og hos cirka 4 prosent i SUFU-genet.
Utgreiing av familiemedlemmer
Ved påvist Gorlins syndrom bør foreldre undersøkjast og gentestast. Dersom éin av foreldra får påvist Gorlins syndrom, eller det er mistanke blant søsken, bør søsken også greiast ut. Barn av personar med Gorlins syndrom bør gentestast tidleg for å kunne gi best mogleg oppfølging dersom barnet har arva tilstanden.