I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Ved mistanke om kreft vil du bli undersøkt av lege. Det blir tatt blodprøver og røntgenundersøkingar med CT og eventuelt MR.
Dette dannar grunnlaget for vidare utgreiing i form av bildediagnostikk kor fleire ulike typar radiologiske undersøkingar er relevante.
For beinsarkom kan vanleg røntgen gi mykje informasjon, men CT og MR, ofte med tillegg av PET/CT gir viktig tilleggsinformasjon om kvar svulsten ligg, størrelse, omfang og nærleik til andre organ.
For blautvevssvulstar er MR den mest nyttige undersøkinga. I mange tilfelle blir det gjennomført radiologisk diagnostikk av for eksempel lunger og skjelett, for å kartlegge eventuell spreiing.
Det viktigaste verktøyet for å stille diagnosen sarkom er vevsprøve frå sjølve svulsten. Dette kan utførast i form av ein såkalla finnålsprøve, eller at ein tar ut ein liten vevssylinder (biopsi). Val av teknikk for vevsprøve/biopsi skal alltid takast i samarbeid med kvalifisert sarkomkirurg. Vevsprøven gjennomgår ei rekke spesialundersøkingar, ofte i fleire rundar, før diagnosen kan stillast. Det kan derfor ta fleire veker før det endelege svaret er klart.
Godarta bein- og blautvevsvulstar førekjem hyppig (minst 200-300 gongar så vanleg som primær bein- eller blautvevskreft) og kan lett forvekslast med sarkom.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast kunne avklarast om du har kreft eller ikkje og det blir tatt ei avgjerd om diagnose. Har du ikkje kreft, blir pakkeforløpet avslutta.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.