Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Når mat blir vanskelig hos personer med autisme – lansering av «verktøykasse», digital ressurs for kartlegging og tiltak 12. september 2025

Gunhild Kvame Tveite og Mona Sjursæther Nordbye har, i samarbeid med RFM Helse Vest, utvikla og pilottesta ein digital verktøykasse med fokus på forstyrra spising hos barn og unge med autisme. Webinaret gir ei innføring i denne ressursen, som har som mål å: auke forståinga for spiseforstyrringar i denne målgruppa, tilby konkrete kartleggingsverktøy og tiltaksstrategiar og dele praktisk materiell som kan brukast direkte i møte med barn og unge. Innleiingsvis vil Lisa Dinkler fra Karolinska Institutt i Sverige, holde ein spennande forelesing om kva vi veit om ARFID.

12.
september
2025
  1. 12. sep. 2025, 10:00 - 13:00
Delta

Tid og sted

Når

  1. 12. sep. 2025, 10:00 - 13:00

Hvor

Webinar på Teams

Delta

Frist for påmelding: 08. sep. 2025
Påmelding

Når mat blir vanskelig hos personer med autisme

Lansering av «verktøykasse» – digital ressurs for kartlegging og tiltak

  • Tid: Fredag 12. september 2025, kl. 10:00–13:00
  • Stad: Digitalt webinar
  • Arrangør: RFM Helse Vest, i samarbeid med Gunhild Kvame Tveite og Mona Sjursæther Nordbye

Tema

Gunhild Kvame Tveite og Mona Sjursæther Nordbye har, i samarbeid med RFM Helse Vest, utvikla og pilottesta ein digital verktøykasse med fokus på forstyrra spising hos barn og unge med autisme. Webinaret gir ei innføring i denne ressursen, som har som mål å:

  • Auke forståinga for spiseforstyrringar i denne målgruppa

  • Tilby konkrete kartleggingsverktøy og tiltaksstrategiar

  • Dele praktisk materiell som kan brukast direkte i møte med barn og unge

Dette er ein nyttig ressurs for alle som jobbar tett på barn og unge med autisme og som ønskjer auka kunnskap og praktisk støtte i arbeidet med spisevanskar.

Program

10.00–11.30

Kva veit vi om ARFID (Avoidant/Restrictive Food Intake Disorder)?

Ved Lisa Dinkler, Karolinska Institutt, Stockholm.

11.45–12.00

Presentasjon av screeningverktøya EDY-Q og PARDI-AR-Q og det diagnostiske intervjuet PARDI

Ved Heike Eichele, RFM Helse Vest.

12.00–13.00

Presentasjon av «verktøykasse» – digital ressurs for kartlegging og tiltak ved forstyrra spising hos barn med autisme

Ved Mona Nordbye, BUP Fana og Gunhild Kvame Tveite, Voss Herad

Om forelesarane

  • Lisa Dinkler er assisterande lektor i psykiatrisk epidemiologi ved Centre for Eating Disorders Innovation (CEDI), Karolinska Institutt. Ho forskar på ARFID – ei lite utforska spiseforstyrring – og nyttar befolkningsstudiar og genetiske analysar for å forstå utvikling, forløp og konsekvensar av tilstanden.

  • Heike Eichele er lege (MD, PhD) ved RFM Helse Vest, og ansvarleg for norsk omsetjing og publisering av verktøya EDY-Q, PARDI-AR-Q og PARDI.

  • Mona Sjursæther Nordbye er spesialpedagog ved BUP Fana, Helse Bergen.

  • Gunhild Kvame Tveite er rådgivar ved Voss Herad PPT.

Målgruppe

  • Tilsette i spesialisthelsetenesta

  • Kommunale tenester

  • Andre som møter barn og unge med autisme og spisevanskar i sitt arbeid eller sin kvardag

Kontakt