Risikovurdering
På bakgrunn av undersøkingar og ultralyd av hjartet, blir risiko vurdert for mor og barn, og optimalt tidspunkt for eit svangerskap. Det er også viktig å avklare om det trengst medikamentbyte eller behov for behandling av hjartesjukdommen før eit eventuelt svangerskap.
Ved låg risiko, kan du som oftast føde på lokalsjukehus med oppfølging av hjartespesialist. Ved moderat risiko treng du tettare oppfølging av team med spesialistar og fødelegar med erfaring innanfor feltet. Dersom slik kompetanse finst på ditt nærmaste sjukehus, kan du bli følgt opp og føde der. Dersom nødvendig kompetanse ikkje finst, bør du tilvisast til den nasjonale behandlingstenesta ved Rikshospitalet.
Ein sjeldan gong vil dei med alvorleg hjartesjukdom åtvarast mot å bli gravide. Da vil du få råd om prevensjon.
Arveleg hjartesjukdom
Hos dei med kjend arveleg hjartesjukdom, kan det vere opp til 50 prosent risiko ved kvart svangerskap, for at barnet arvar den same sjukdommen. Når det er viktig å vite om barnet har arva tilstanden heilt frå fødsel, anbefaler vi at det nyfødde barnet blir gentesta ved bruk av blod frå navlestrengen.
Hos enkelte pasientar med alvorleg arveleg hjartesjukdom der det er stor fare for at barnet arvar tilstanden, kan befruktning med prøverøyr (IVF) med preimplantasjonsgenetisk diagnostikk (PGD) vere ei mogleg behandling. Det inneber at det befrukta egget blir gentesta før det blir sett inn i livmora. Ein føresetnad for denne typen behandling, er at éin av foreldra er berarar av ein kjend mutasjon (genfeil), og at den som skal bere barnet/paret er eigna for prøverøyrsbefruktning.
Bruk av IVF med PGD og fosterdiagnostikk er regulert i bioteknologilova, og er frivillig. Om du får tilbod om fosterdiagnostikk, skal du også få grundig informasjon og rettleiing om undersøkingane og kva svar dei kan gi.
Medisinbruk
Har du ein hjartesjukdom og ønsker å bli gravid, er det viktig å planlegge. Legen din vil vurdere kva risiko eit svangerskap vil utgjere for deg og barnet ditt. Gå gjennom kva medisinar du bruker og byt eventuelt til alternativ som passar for deg i samband med graviditeten. Det er viktig ikkje å slutte med medisinar utan å ha avklart med legen din. Bruk av legemiddel kan vere heilt nødvendig for helsa til både deg og det ufødde barnet.
Fordelar med medisinsk behandling må vegast opp mot eventuell risiko for barnet. Hugs at oppfordringar du får frå den behandlande legen din kan avvike frå den informasjonen du finn på pakningsvedlegget til medisinen din.
Nokon medisinar kan påverke fosterveksten hos fosteret. Står du på slike medikament, blir det laga ein oppfølgingsplan der ein ved hjelp av ultralyd følger med og ser at barnet i magen veks som det skal.
Folsyre
Tilskot av folsyre i første del av svangerskapet kan verne mot misdanningar hos barnet. Førekomsten av leppe-/ganespalte og skadar på ryggmergen blir reduserte med cirka 50 prosent.
Jern
Gravide med lite jern, bør få jerntilskot.
Trygg mammamedisin
Trygg mammamedisin er ei gratis, offentleg teneste der legar og farmasøytar svarer på spørsmål om bruk av alle typar medisinar ved graviditet og amming.Du kan ringe dei på 22 92 11 00 eller sende inn spørsmålet ditt via nettsida tryggmammamedisin.no.