Dei fleste som kjem til BUP med ei spiseforstyrring, får tilbod om poliklinisk behandling. Når tilvisinga er vurdert og det blir gitt rett til nødvendig helsehjelp, vil ungdomen/foreldre/føresette bli kontakta på telefon eller per brev. Der får dei informasjon om kva som skal skje vidare.
Ei grundig somatisk og psykisk vurdering er nødvendig for god behandling på rett omsorgsnivå. På bakgrunn av tilvising og den første samtalen vil det saman med ungdomen og foreldre/føresette bli utarbeidd ein utgreiingsplan.
Utgreiinga vil som oftast vere:
- Informasjon (kartlegging) om sjukdomshistoria (anamnese inkludert familieanamnese)
- Relevante testar og intervju, som på fagspråket blir kalla strukturerte diagnostiske intervju/instrument
- Relevante skjema som ungdomen og eventuelt foreldre/føresette/andre skal fylle ut sjølv (sjølvrapporteringsskjema)
- Somatisk utgreiing (legeundersøking, blodprøver, eventuelt andre supplerande undersøkingar ved behov)
Ei spiseforstyrring blir behandla best når behandlinga startar så raskt som mogleg. For dei fleste vil diagnosen vere relativ klar, og det vil ikkje vere nødvendig å gå igjennom ei lengre periode med utgreiing før behandlinga startar.