Målet med operasjonen er helsebot av eventuell kreftsjukdom, å betre plagsame symptom og hormonelle forstyrringar eller som i eit ledd i utgreiing av kreft.
Før operasjonen vil du få eit innkallingsbrev der det står tidspunkt for konsultasjon med informasjon av sjukepleiar og lege og tidspunkt for når du skal møte til operasjonen. Det kan vere at du skal til informasjonssamtalen ei stund i forkant av innlegginga til operasjon.
I innkallingsbrevet er det også beskrive om du skal leggast inn dagen før (ofte aktuelt om ein bur langt unna), eller same dag som du skal opererast. Nedanfor er det beskrive kva førebuingar du skal gjere i forkant av operasjonen.
Ernæring
I vekene før operasjonen er det viktig å halde oppe eit variert og næringsrikt kosthald.
Du kan kjøpe næringsdrikke på apoteket som kan berike kosthaldet. Ver merksam på at desse drikkene kan auke blodsukkeret ved diabetes. Forhøyr deg med fastlege om eventuelle andre alternativ.
Det er viktig at du informerer sjukepleiar under samtalen før operasjonen om du har nedsett matlyst, har gått ned i vekt eller har matallergiar.
Du skal faste frå midnatt kvelden før operasjonen. Det vil seie at du ikkje skal ete mat eller snus/røyk og pastillar etter klokka 24.00. Du kan drikke klare væsker som vatn inntil 2 timar før operasjonen.
Medisinar
Narkoselegen bestemmer kva for nokre faste medisinar du skal ta før operasjonen.
Dersom du er usikker, er det viktig at du ikkje tar medikamenta dine, du kan få desse på sjukehuset. Ta gjerne med deg dei faste medisinane dine når du skal leggast inn på sjukehuset. Dette er fint om vi lurer på noko når det gjeld dei medisinane du tar eller dersom det er vanskeleg å skaffe dei medisinane du bruker under innlegginga.
Fysisk aktivitet
Du kan vere i normal fysisk aktivitet før operasjonen.
Hygiene
Det er viktig at du dusjar operasjonsdagen før du kjem til sjukehuset. Nøye kroppsvask i armholer og nedantil. Det er viktig at håret er tørt før du kjem til sjukehuset. Du må også pusse tennene, som er viktig for at bakteriar ikkje skal førast til luftvegane under inngrepet.
Barbering
Om du har hår på området som skal opererast, må du barbere deg. Du skal barbere kinn, hake og hals ned til brystvortene og barberinga skal utførast med håravkortar (maskin). Dersom du ikkje har dette vil du få hjelp til hårfjerning ved sjukehuset. Du skal ikkje bruke barberhøvel, på grunn av risiko for smårifter.
Når du kjem sjukehuset til operasjonsdagen vil sjukepleiar hjelpe deg med dei førebuingane som er nødvendige før operasjonen. Dette inneber:
-
Du vil få delt ut pasientskjorte, og kan behalde eiga underbukse på. Du vil få tildelt ei rein operasjonsseng.
-
Du vil få på deg kompresjonsstrømper som verkar førebyggande for danning av blodpropp. Desse beheld du på fram til du reiser, eller når du er godt mobilisert.
-
Når du ligg i senga, vil sjukepleiar legge inn ein venekanyle (plastrøyr i blodåra) og du vil få væsketilførsel direkte i blodet. Det er viktig for å halde oppe organfunksjonane under inngrepet.
-
Vanlegvis vil du få smertestillande medikament for å førebygge smerter etter inngrepet. Dette er det narkoselegen som avgjer på samtalen i forkant av operasjonen. Du får svelge desse med tilstrekkeleg vatn. Samtidig vil du få munnskyljevatn som du skal «gurgle» for å førebygge at bakteriar kjem ned i luftvegane.
- Når du er ferdig førebudd, vil ein portør trille deg i seng til operasjonsstua.
Under operasjonen vil dei personlege eigedelane dine bli låste inn på den sengepostavdelinga du skal til etter operasjonen, og du får dei tilbake når du kjem på sengeposten.