Det er svært viktig at du les innkallingsbrevet grundig. Her får du informasjon som er viktig for undersøkinga.
Dersom du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at du har fått innkallingsbrevet.
Dersom du er gravid eller kan vere gravid, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har fått innkalling til undersøkinga. I dei aller fleste tilfella skal då denne undersøkinga ikkje blir gjennomført. Ikkje ta med gravide eller små barn som følgje til undersøkinga.
Viktige førebuingar
Dersom du bruker medisinar for å regulere stoffskiftet, må du slutte med desse ei tid før undersøkinga. Følg det som står i innkallingsbrevet eller beskjeden du har fått frå legen som tilviste deg.
Dersom du har vore til ei undersøking der du har fått jodholdig kontrast siste 8 veker, må du ta kontakt med oss. Det kan då vere nødvendig å gi deg ein ny time.





