I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Ved mistanke om kreft blir du undersøkt av lege. Vi tar blodprøver samt ulike røntgenundersøkingar og andre undersøkingar. Ofte tar vi også ei vevsprøve av svulsten for å stille rett diagnose.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast vere avklart om du har kreft eller ikkje, og vi vurderer behovet for vidare behandling. Dersom du ikkje har kreft, blir pakkeforløpet avslutta.
Aktuelle undersøkingar
Desse undersøkingane kan vere aktuelle ved mistanke om nevroendokrin kreft.
Vanlege blodprøver er oftast normale. Dei fleste nevroendokrine svulstar skil ut chromogranin A. Nivået av dette proteinet, som kan bli målt i blodet, stig ofte utover normalt nivå når det er nevroendokrine svulstar. Når svulstane er små, kan nivået av chromogranin A i blodet vere normalt. Nivået aukar ved aukande svulstmengde. Chromogranin A kan likevel også vere forhøgd ved ei rekke andre tilstandar, og tolking av forhøgde prøveverdiar kan vere svært vanskeleg.
Røntgenundersøkelse
Ved hjelp av røntgenundersøking kan svulstar oftast bli påvist. Nokre gonger kan likevel svulstane vere såpass små, eller ligge slik til, at dei ikkje blir identifisert på røntgenbildene. Det må bli brukt kontrast på CT-undersøkingane og oftast også på MR for å oppdage nevroendokrin kreft. MR er betre til å påvise svulstar i skjelettet og lever enn CT.
Det vil også kunne vere aktuelt å ta ultralyd og celleprøver/biopsi for å stille riktig diagnose.
Ei undersøking som heiter 68Gallium PET/CT kan også påvise svulstar som er vanskeleg å oppdage ved andre røntgenmetodar. Ved denne undersøkinga blir det sprøytt eit svakt radioaktivt stoff inn i blodet. På cellene i mange nevroendokrine svulstar er det reseptorar (”antenner”) som dette radioaktive stoffet kan feste seg til. Når ein så tar bilde av kroppen med eit kamera følsamt for radioaktiv stråling, kan svulsten/svulstane bli påvist.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)