Du må ta med deg ei liste over dei medisinane du bruker, og ta også med deg eigne medisinar for det første døgnet på avdelinga/pasienthotellet. Medisinar som skal brukast vidare under opphaldet vil du få delt ut av sjukepleiar, men står du på spesielle medisinar kan det vere lurt å ta med litt ekstra av desse.
Har du ein begynnande eller pågåande infeksjon med feber som for eksempel forkjøling kan det vere at vi må utsette operasjonen. Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset før innlegginga slik at legen kan vurdere situasjonen
Du må ta med deg:
- Joggebukse/innejakke
- Gode tøflar/sko som er enkle å ta på seg
- Sokkar og undertøy
- Toalettsaker
- Eventuelle eigne medisinar
Det er viktig å ikkje ta med for mykje bagasje når du skal leggast inn. Du har lov til å ta med verdisaker, men dette er på eige ansvar.
Dagen du blir lagd inn og kvelden før operasjon
Når du kjem på sjukehuset blir du tatt imot av helsepersonell som gir deg praktisk informasjon om det som skal skje før, under og etter operasjonen.
Som førebuingar til operasjonen tar vi blodprøver av deg og nokre andre undersøkingar. Vi måler høgde og vekt.
Kvelden før operasjonen skal du dusje og vaske håret før du legg deg. Eventuelt hår på overkroppen blir barbert. Har du naglelakk og/eller sminke på, må du ta det av. Du skal berre bruke reine sjukehusklede etter dusjen før operasjonen. Senga du legg deg i er heilt rein. Du får blå plastsokkar til å ha på beina dersom du må opp på toalettet etter at du er ferdig dusja. Du må ta av smykke og klokke.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Det står meir detaljert i inkallingsbrevet ditt.
Nokre sjukehus kan ha som rutine at du skal faste etter klokka 24:00 dagen før. Dette er av praktiske årsaker på grunn av moglege endringar i operasjonsprogrammet.
På operasjonsdagen
Om du bruker tablettar på morgonen, tar du det som normalt og etter avtale med sjukepleiaren. Det kan vere litt forandringar frå det du vanlegvis tar på grunn av den kommande operasjonen. Sjølv om du fastar, kan du svelge tablettane med litt vatn. Før operasjonen får du roande medisinar.