Førebu barnet på blodprøvetaking
Barn som er godt førebudde, blir mindre engstelege og stressa. Ved å gi informasjon tilpassa alderen kan barn oppleve tryggleik og meistring når dei kjem til blodprøvetaking.
For barn frå rundt eitt til fem år kan det å lese ei barnebok eller sjå ein film med forteljing om blodprøve vere ein god måte å førebu barnet på.
For barn frå seks år og oppover, som kjenner til “å hoppe paradis”, kan det vere ein leiken måte å forklare korleis blodprøvetaking går føre seg. De kan «hoppe» dykk igjennom stega saman.
- Reise til sjukehuset og ta på bedøvingskrem/plastar.
 - Innsjekk og kø-system.
 - Vente på venterom (førebu seg og leke). Ta av bedøvingskrem/plaster.
 - Gå til prøvetakingsrom – oppgi fullt namn og fødselsnummer til prøvetakar
 - Sitje i stol. Vaske arm. Strikk rundt armen.
 - Nål blir ført inn – halde armen i ro – små røyr blir fylte.
 - Fjerne nål og ta på plaster.
 - Ferdig! Få premie.
 - Reise heim og vente på resultatet.
 

Ved førebuingar til blodprøve kan de vere merksame på korleis de snakkar om blodprøvar.
- Snakk heime om korleis ei blodprøve blir teken. Svar på barnet spørsmål, og ver ærleg.
 - Bruk gjerne oppmuntrande og nøytrale ord – sjå denne tabellen (lenkje) for gode tips til kva ein kan seie.
 - Si gjerne «å lage ei blodprøve» i staden for «å ta ei blodprøve» bokmål istedenfor
 - Dersom du sjølv er usikker og redd, så kan kjenslene smitte over på barnet. Unngå til dømes å seie «Eg liker heller ikkje blodprøvar».
 - Fortel barnet at det er viktig å ta blodprøva, at barnet gjer ein viktig jobb for kroppen sin.
 
Les meir om førebuingar og korleis du snakkar med barn (helse-bergen.no)

Bruk gjerne oppmuntrande og nøytrale ord – sjå denne tabellen for gode tips til kva ein kan seie.








