Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Ny læringsplattform skal gi bedre kunnskap om endometriose

Endometrioseskolen

For mange kvinner med endometriose kan det være vanskelig å vite hvilken informasjon om sykdommen en kan stole på. Nå lanseres Endometrioseskolen, som skal gi pasienter, pårørende og helsepersonell enkel tilgang til kvalitetssikret kunnskap.

Logo, ikon, Livmor

Illustrasjon: Helse Bergen

Endometrioseskolen - illustrasjon Helse -Bergen

Endometrioseskulen er ein nettbasert læringsplattform som samlar kvalitetssikra kunnskap om endometriose og adenomyose på ein stad. Her finn pasientar, pårørande og helsepersonell oppdatert informasjon om alt fra utgreiing og behandling, til fysioterapi, livsmeistring og det å leve med ein kronisk sjukdom.  

Fagstoffet er utvikla av eit tverrfagleg team med Haukeland universitetssjukehus. Legar, ernæringsfysiologar, psykologspesialist, sosionom og personar med eigne erfaringar med sjukdomen har bidrege til innhaldet. Målet er å gi eit heilskapleg tilbod som ser meir enn berre dei medisinske sidene ved diagnosen.

Frå klinisk erfaring til digital læringsplattform

 

Anne Veddeng er overlege ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Ho er spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar, med særleg kompetanse på endometriose og avansert kikholskirurgi, og er ansvarleg redaktør for Endometrioseskulen.

– Me ønskte å utvikle eit tilbod som ikkje berre handla om medisinsk og kirurgisk behandling, men òg om kunnskap, forståing og meistring av ein sjukdom som kan påverke mange sider av livet, seier Veddeng.

Gjennom det kliniske arbeidet har fagmiljøet møtt mange kvinner som har levd lenge med smerter, utmatting og andre plager, ofte med mange ubesvarte spørsmål om sjukdomen. På same tid er det lett å møte motstridande råd og påstandar på internett og i sosiale medier.

– Mange opplever at det er vanskelig å få oversikt over behandlingsmoglegheiter, og at informasjonen dei finn på nett varierer i kvalitet. Difor ønskte me å utvikle eit lett tilgjengeleg, digitalt tilbod med oppdatert informasjon om sjukdomen, behandlingsmoglegheitar og meistring, fortel Veddeng.

For pasientar, pårørande og helsepersonell

 

Endometrioseskulen er først og fremst utvikla for jenter og kvinner med endometriose, men og for personer som mistenker at dei kan ha sjukdomen. Samtidig kan læringsplattformen vere nyttig for pårørande og andre som treng kunnskap om endometriose og adenomyose.

Kunnskapen er fritt tilgjengelig og publisert med ein open Creative Common-lisens, som betyr at innhaldet kan delast, brukast om att og spreiast vidare, så lenge opphav og lisens blir oppgjeve.

Målet er at auka kunnskap skal gi større tryggleik og betre forståing av eigne plager.

– Vi håpar pasientar får moglegheit til å medverke aktivt i eiga behandling. Kunnskap skal bidra til betre meistring og auka livskvalitet, også når ein lever med ein kronisk sjukdom, seier Veddeng. 

Les meir om Endometrioseskulen her: Endometrioseskolen.no   

Sist oppdatert 25.11.2026