Tjue ungdommer i alderen 13 til 18 år, diagnostisert med emosjonelle vanskar som depresjon og angst, er rekruttert frå barne- og ungdomspoliklinikk i Oslo Syd. Musikkterapiprogrammet inneheldt ti individuelle økter, ei økt per veke over ti veker. Sesjonane inneheldt Individuelt tilpassa oppvarmingsøvelsar, ein hoveddel med samspel, hovudsakleg reproduksjon av populærmusikk, og i tillegg heimeoppgåve mellom timane med lyttelåt, og utarbeiding av lytteliste.
Studien er viktig fordi forsking etterspør fleire innfallsvinklar til terapi for å nå denne gruppa, som har tendens til å ikkje følge opp behandling.
Bakgrunn:
Globalt fører emosjonelle vanskar som depresjon og angst til sjukdom og nedsett funksjon blant ungdom. Ein reduksjon i livskvalitet og leveår kan bli konsekvens av dette. Eksisterande behandling, som ulike former for psykoterapi med eventuell psykofarmaka i tillegg, viser moderat effekt. I Norge har over halvparten av ungdommane som kjem til spesialisthelsetenesta symptom på depresjon som henvisningsgrunn.
Fleire kontrollerte intervensjonsstudiar visar positiv effekt av musikkterapi på vaksne med depressive lidingar, med symptomlindring og betre dagleg funksjon. I ungdomsgruppa det få kvantitative studiar på musikkterapi.
Vi gjennomførte ein pilotstudie mellom hausten 2021 og juni 2022, inkludert fem ungdommar i alderen 13 til 18 år, som la grunnlag for rekrutterings- og musikkterapiprosedyrane i denne Phd-studien.
Metode og design:
Dette er ein-arma klinisk studie som undersøkjer musikkterapi som ein tilleggsbehandling, utan kontrollgruppe. Deltakarane svarte på spørjeskjema som kartlegg ulik symptombelastning (på depresjon, angst, sjølvskading, suicidalitet, emosjonsregulering, livskvalitet, og forhold til musikk) på tre tidspunkt (baseline, rett etter og tre månadar etter avslutta musikkterapi).
Etter musikkterapien gjennomførast og intervju med deltakarane for å utforske erfaringar dei har hatt med musikkterapitilbodet. Dette vert gjentatt på oppfølging etter 3 månadar. Data i frå dei kvantitative og dei kvalitative data analyserast og diskuterast samla etter datainnsamlinga.
Forskingsspørsmål:
Kan musikkterapi som tilleggsbehandling bidra til betre psykisk helse hos ungdom 13 – 18 år med emosjonelle vanskar? Dette skal undersøkjast i tre artiklar.
Status:
Datainnsamling er fullført mai 2025, og artikkel 1 er undervegs. Stipendiatperioden er halvvegs gjennomført, med omlag to år igjen. Studien starta i 2022 og varer til sommaren 2027.
Kontakt:
CREMAH Centre for Research in Music and Health
Norges musikkhøgskole (NMH), Norwegian Academy of Music, nmh.no