klinisk studie
Oksytocins virkning på nevroplastisitet og kognitiv fleksibilitet
Forskarar ved Oslo universitetssjukehus (OUS) og Universitetet i Oslo er i gang med eit nytt forskingsprosjekt der ein undersøkjer kva for påverknad nasespray med oksytocin har på nevroplastisitet og læring (kognitiv fleksibilitet).

Illustrasjon: utklipp fra studiens plakat
Aktuelle forskingsdeltakarar er unge mellom 12 og 21 år med ei autismediagnose. Studien ynskjer å få meir kunnskap om effektar av to ulike dosar oksytocin i denne gruppa og dei nevrobiologiske verkemekanismane til oksytocin.
Studien inneber at deltakarar besøker OUS, avd. Ullevål, tre gonger. Her vil dei få ei dose oksytocin eller placebo og gå gjennom elektroencefalogram (EEG) for å undersøkje nevroplastisitet, elektrokardiografi (EKG) for å måle hjarterytmefrekvens, og ei læringsoppgåve på PC for å undersøkje kognitiv fleksibilitet. I tillegg avlegg deltakarar spyttprøver kvar gong for å måle nivå av oksytocin i saliva.
Studien er åpen for rekruttering fram til 31.12.2026.
Studien er godkjend av Regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK), Direktoratet for Medisinske Produkter (DMP) og personvernombodet ved OUS. Studien er finansiert av forskingsmidlar frå Helse Sør-Øst.
Studien ledes av Daniel Quintana og stipendiat Elisabeth Deilhaug, begge ved Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet hjernesykdommer. Studien er tilknyttet K.G. Jebsen senter for utviklingsforstyrrelser som ledes av Terje Nærland, også han ved Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet hjernesykdommer.
Her finn du meir informasjon om studien og korleis du kan delta.
Til Nasjonalt senter for sjeldne diagnoser, enhet hjernesykdommer