Desse medisinane er vanlege ved behandling av kjempecellearteritt, men det kan vere at det er noko ved sjukdommen din som gjer at du skal ha ein annan behandlingsplan enn dette. Følg alltid den planen du har fått av behandlaren din.
Prednisolon (kombiner 20 og 5 mg tablettar til lågast mogleg talet på tablettar som gir rett dose):
60 mg dagleg i 1 veke (startdose viss synssymptom)
50 mg dagleg i 1 veke
40 mg dagleg i 2 veker (startdose om ikkje synssymptom)
35 mg dagleg i 2 veker
30 mg dagleg i 2 veker
25 dagleg mg i 2 veker
20 mg dagleg i 2 veker
17,5 dagleg mg i 3 veker
15 mg dagleg i 3 veker
12,5 mg dagleg i 3 veker
10 mg dagleg i 3 veker
10 mg og 7,5 mg annankvar dag i 3 veker
7,5 mg dagleg i 3 veker
7,5 mg og 5 mg annankvar dag i 3 veker
5 mg dagleg inntil vidare (i minst eitt år, lenger dersom sjukdommen blussar opp)
Obs, lista er rettleiande, det kan bli behov for å gjere justeringar hos fastlege eller revmatolog undervegs
Calcigran fora 1000/800:
1 tablett kvar kveld. Kalk og D-vitamintilskot som reduserer risiko for utvikling av beinskjørheit.
Pantoprazol 20 mg:
1 tablett morgon så lenge prednisolondose er > >15 mg. Magesyredempande. Blir berre gitt viss andre risikofaktorar for magesår
Alendronat 70 mg veketablett:
1 tablett morgon 1 dag i veka. Tabletten skal takast på tom mage, minst 30-60 minutt før første måltid og ikkje saman med andre tablettar. Ein må ikkje legge seg ned dei første 30 minutt etter tablett er tatte. Mot beinskjørheit. Blir gitt frå diagnose om du har risikofaktorar for beinbrot (for eksempel foreldre med rygg- eller hoftebrot, eigne brot etter 40 år, røyking m.fl.), elles berre dersom det blir påvist nedsett beintettleik ved beintettleiksmåling.
Om du bruker andre medisinar frå før skal du halde fram med desse med mindre du får ein annan beskjed.