Ei veke før undersøkinga
- Kjøp tømmingsmiddel (om apoteket ikkje har det på lager, skaffar dei det på ein dag eller to).
 - Unngå mat med frø, heilkorn, kli, druestein, appelsin, mais og tyttebær, bringebær og jordbær.
 - Dersom du bruker jerntablettar, må du slutte å ta desse 1 veke før timen.
 - Sjekk med tilvisande lege eller sjukehuset om du skal stoppe med blodfortynnande medisinar.
 
NB: Om du har fått time på kort varsel, kan det hende du ikkje får høve til å følge desse råda. Du skal likevel møte til timen.
Dagen før undersøkinga
- Et ein lett frukost (lyst brød, smør og margarin, kvitost og kremost, mjølk, yoghurt, eggekvite, majones, lyst kjøttpålegg, kvit fisk, ris, pasta og poteter utan skal).
 - Dersom du har time etter kl. 15.30 kan du også ete ein lett lunsj (sjå lista over).
 - Etter dette skal du ikkje ete meir, men du kan drikke klare væsker (vatn, te, kaffi utan fløyte/mjølk, buljong, jus utan fruktkjøtt, saft eller brus).