Dersom det manglar opplysningar om mannen eller kvinna, blir desse innhenta. De blir tilskrivne med rekvisisjonar for blodprøvetaking, mellom anna HIV og Hepatitt-status og hormonprøvar, som må takast på 2–4. menstruasjonsdag. Mannen får tilvising for å levere sædprøve. Når alle prøver er svarte på, får de time til utgreiing innan 120 dagar.
Utgreiingstimen
Utgreiingstimen kan vare inntil 60 minutt, og både mann og kvinne må møte. Opplysningar som kjem fram i tilvisingsbrev, blodprøve- og sædprøvesvar blir vurderte og diskuterte. Ultralyd av eggstokkar og hormonsvar bestemmer stimuleringsregimet som blir valt hos deg. Somme gonger blir også testiklane til mannen undersøkte med ultralyd.
Ved mistanke om at ikkje oppnådd graviditet kjem av tilstandar som krev operasjon blir de viste vidare til inngrep på sjukehuset. Ved manglande sædceller hos mannen blir han vist til testisbiopsi (TESA) for å sjå om det finst sædceller i testikkelen.
Utgreiinga resulterer ofte i direkte inntak til assistert befruktning. Legen bestemmer kva hormonstimulering og behandlingsform de skal ha.
I nokre tilfelle er ytterlegare utgreiing, operasjon eller livsstilsendring (til dømes korreksjon av vekt og røykjeslutt) nødvendig før assistert befruktning kan tilbydast.
