Hugseliste kvar dag i SPECT-veka
- Frukost og medisinar. Når du kjem til Klinisk nevrofysiologisk laboratorium (KNF-lab) ved SSE bør du ha ete frukost og tatt dei morgonmedisinane du skal ha.
- Nyvaska, tørt hår. For somme er det aktuelt med EEG-registrering i tillegg til SPECT. Nevrofysiolog og behandlande lege avgjer kven som også skal ha EEG. Hugs derfor å ha nyvaska, tørt hår kvar dag, slik at påkopling av elektrodar blir enklast mogleg.
- Matpakke og tøyskift. Det kan bli lenge å vente på fotografering ved Rikshospitalet. Ta derfor med matpakke som du smør om morgonen. Hugs også tøyskift, så du kan skifte dersom det trengst etter eit anfall.
- Røyking er ikkje tillate. Sei ifrå på posten dersom du ønsker røykeplaster.
Veneflon
Venekanyle er eit tynt plastrøyr som blir sett i ei blodåre på handa di. Vanlegvis set vi venekanylen første gong du kjem til KNF-lab, nokre gonger dagen før. Du må ha venekanyle på handa heile veka. Den blir skyld med saltvatn kvar morgon og kveld, slik at han held seg open. Den blir bytt kvar 3. dag, eller ved behov.
Overvaking
Det er alltid fleire personar som skal ha SPECT samtidig. Barn under 18 år har med foreldre. Alle oppheld seg på eitt rom saman med to sjukepleiarar. Sjukepleiarane overvaker og passar på når nokon får anfall. Fordi det er mange personar i rommet, er det dessverre ikkje høve til å få besøk. Du kan lese, spele spel og drive med handarbeid mens du ventar på anfall. Du får mat og drikke servert på rommet. Av omsyn til dei andre på rommet anbefaler vi at du bruker mobiltelefon minst mogleg. Det er ikkje høve til å gå ut.
Anfall
Når du får eit anfall, injiserer vi eit radioaktivt stoff inn via veneflonen på handa. Dette gjer vi så tidleg som mogleg under anfallet for å få best mogleg resultat av undersøkinga. Kjenner du at eit anfall er på veg, er det viktig å varsle personalet om dette. Ikkje alle typar anfall er aktuelle for denne undersøkinga. Vi avtaler på førehand under kva typar anfall vi skal injisere.
Transport til Rikshospitalet
Straks etter at anfallet er over, følger ein sjukepleiar frå SSE deg i drosje til Rikshospitalet. Ved behov får du anfallsstoppande medisinar før eller under transporten.
Fotografering
Fotograferinga ved Nukleærmedisink avdeling startar tidlegast ein time etter injeksjonen. Det kan bli noko ventetid. Dette har ingen innverknad på resultatet av undersøkinga. Eit godt råd er å gå på toalettet før fotograferinga. Du blir lagd ned på ein benk og hovudet blir plassert i ein trommel. For å få vellykka bilde er det viktig at du ligg stille i omtrent éin time. Derfor gir vi ofte anfallsstoppande medisin før fotograferinga.
Injeksjon seinast klokka 15.00
Nukleærmedisinsk stenger vanlegvis kl. 15.00, men under SPECT-veka fotograferer dei pasientane frå SSE utover stengetid. Dessverre er det ikkje fotografering seint på kveld eller natt. Derfor set vi ikkje injeksjonar ved KNF-lab seinare enn kl. 15.00. Har du vanlegvis natt- eller oppvakningsanfall, prøver vi å forskyve døgnrytmen din til denne veka slik at du søv på dagtid. Dette gir ofte «nattanfall». Du vil få beskjed av legen din på førehand om korleis dette skal skje.
Bortsett frå eit stikk i handa når vi set inn venekanylen, er undersøkinga som regel ikkje knytt til smerte eller plager – utover det å måtte ligge stille fleire minutt under kvar avbilding.