Korleis kan du førebu deg?
Aktivitet
Mens du ventar på behandling er det viktig å vere fysisk aktiv, som for eksempel å gå ein tur ute i raskt tempo. Dersom du har trena jamleg tidlegare og er i form til dette, kan du fortsette som normalt.
Ernæring
Fortsett å ete som normalt fram mot operasjon. Om du har gått ned i vekt eller har ete mindre enn normalt den siste tida, kan det vere lurt å prøve å ete litt ekstra i tida før operasjon. Kroppen din skal byggast opp etter operasjonen, og det er viktig at han får godt med næring, særleg protein. Snakk eventuelt med legen din for råd og hjelp.
Røykeslutt
Det er mange fordelar med røykeslutt. Røykeslutt vil blant anna ha ein gunstig effekt på lungene dine. Røyking gjer at såra dine gror saktare, og vidare røyking aukar risikoen for tilbakefall av sjukdommen. Snakk gjerne med fastlegen din eller lege/sjukepleiar på sjukehuset, da vi gjerne vil hjelpe deg. Sjå gjerne nettsida til helsedirektoratet om røykeslutt (www.slutta.no).
Medisinar
Du må ta med deg ei liste over dei medisinane du bruker. Du må også ta med deg eigne medisinar for dagane fram til operasjon på avdelinga/pasienthotellet.
Medisinar som skal brukast vidare under opphaldet vil du få delt ut av sjukepleiar, men står du på spesielle medisinar kan det vere lurt å ta med litt ekstra av desse.
Somme medisinar skal ikkje brukast dei siste 5 dagane før operasjonen på grunn av auka blødingsfare. Snakk med legen din om dei medisinane du bruker, og avklar kva medisinar du eventuelt ikkje skal ta i forkant av operasjonen. Om du bruker inhalasjonsmedisinar, skal du ta med desse heimanfrå og nytte på sjukehuset som avtalt.
Infeksjonar
Om du har ein begynnande eller pågåande infeksjon som for eksempel forkjøling, halsbetennelse eller andre infeksjonar, kan det hende at operasjonen må utsettast. Det er viktig at du i forkant av innlegginga tar kontakt med sjukehuset, slik at legen eller operasjonskoordinatoren kan vurdere situasjonen.
Du vil bli innlagd på hotellposten eller sengeposten til sjukehuset i forkant av operasjonen. Dersom du ikkje har krav på å ha med deg følgesperson, må pårørande betale opphald sjølv på hotellposten dersom sjukehuset har dette, eller ordne med eige opphald utanom.
Du må ta med deg
- joggebukse/innejakke
- gode tøflar/sko som er enkle å ta på seg
- sokkar og undertøy
- toalettsaker
- medisinar og inhalasjonsmedisinar
Det er viktig ikkje å ta med for mykje bagasje når du skal leggast inn. Du har lov til å ta med verdisaker, men dette er på eige ansvar.
Innleggingsdagen
Før operasjonen blir du innkalla til sjukehuset for innlegging og operasjonsdag. Av og til kan denne endre seg.
Om du har behov for tolk, er det viktig at du får gitt beskjed om dette ved innkallinga. På innleggingsdagen skal du ha ein innkomstsamtale med sjukepleiar og lege. I tillegg vil fysioterapeuten komme og informere om aktivisering etter operasjonen.
Nokre sjukehus har informasjon på video frå fysioterapeut. På nokre sjukehus deler fysioterapeuten eller sjukepleiaren ut ei aktivitetsdagbok som skal følge deg under heile innlegginga. Den inneheld forslag til aktivitet og informasjon om ernæring.
Før operasjonen
Før operasjonen vil du få informasjon av kirurgen som skal operere deg, og anestesilegen som skal gi deg narkosen.
Du har høve til å ha med pårørande når du får informasjon.
Du skal ta blodprøver, røntgen av lungene dine og hjarterytmeprøver (EKG).
Førebuingar kvelden før operasjonen
- Operasjonsområdet blir barbert, avdelinga har utstyr til dette.
- Om du har skjegg, bør du barbere deg i ansiktet og på halsen.
- Du må fjerne naglelakk og sminke.
- Du skal dusje og vaske håret før du legg deg. Det er ikkje nødvendig å bruke noka spesiell såpe.
- Du skal berre bruke reine sjukehusklede etter dusjen og senga du legg deg i er heilt rein. Du får blå plastsokkar som du skal bruke dersom du må på toalettet etter at du har dusja.
- Om kvelden kan du få tilbod om sovemedisin av nattevakta.
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Om du ikkje er fastande, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops/pastillar, snus og røyk. Fram til 2 timar før, kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, jus utan fruktkjøtt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Nokre sjukehus kan likevel ha som rutine at du skal faste etter kl. 24.00 dagen før. Dette er av praktiske årsaker på grunn av moglege endringar i operasjonsprogrammet.
Før enkelte inngrep skal du drikke ei viss mengde næringsdrikk.
Alt dette står meir detaljert i innkallingsbrevet ditt.
Førebuingar operasjonsdagen
Om du bruker tablettar på morgonen, tar du det som normalt og etter avtale med sjukepleiaren. Det kan vere litt forandringar frå det du vanlegvis tar på grunn av den kommande operasjonen. Sjølv om du fastar, kan du svelge tablettane med litt vatn.
Før operasjonen får du roande medisinar.
Tannprotesar blir tatte ut før operasjonen.