We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Utskifting av blodårer i hjertet

Hjerteoperasjon bypass

En by-pass operasjon er et inngrep hvor vi åpner brystkassen og syr inn en eller flere årer. Årene blir tatt fra et annet sted på kroppen din. Blodet blir ledet forbi de trange partiene i koronararteriene og gir hjertemuskelen økt tilførsel av blod.

Før

Les innkallingsbrevet godt. Der får du informasjon om kva medisinar du må slutte med nokre dagar før innlegginga. Desse er nemnt ved medikamentnamn og gjeld i hovudsak blodfortynnande medisinar for å redusere blødingsfare ved operasjon.                                                                                                           

Førebu deg på om lag ei veke på sjukehuset. Ta med medisinar, toalettsaker, klede som ikkje strammar og stødige innesko/tøflar. Vi anbefaler at du berre tar med deg det mest nødvendige, særleg gjeld dette pengar og verdisaker. 

For mange kan ventetida før innlegginga kjennest lang og vanskeleg. Sjølv om du er komme på plass i avdelinga, er det framleis ein situasjon prega av spenning og mange tankar rundt den kommande operasjonen. Dette er heilt normalt, og du vil treffe andre pasientar som har det på same måte. 

Dei fleste pasientane blir operert dagen etter innlegging, men på grunn av augeblikkeleg hjelp-operasjonar kan det bli endringar i oppsette operasjonar. 

Dagen du kjem, får du ei samtale med og informasjon frå ein sjukepleiar. Du får snakke med legen som har vakt denne dagen, og legen går gjennom journalen din. Fysioterapeuten informerer om korleis du lettast skal komme opp etter operasjonen, samt kva du sjølv kan gjere for å førebygge komplikasjonar. 

Før operasjonen får du informasjon av den kirurgen som skal operere deg, og anestesilege som skal gi narkosen. 

Du kan ha med ein av dine pårørande når du mottar informasjon. Hugs å skrive ned spørsmål først, då ein har lett for å gløyme dei undervegs! 

Som ein del av rutinane før operasjonen vil det bli tatt: 

  • Blodprøver 
  • Lungerøntgen 
  • EKG (hjarterytmeprøve) 


  • Dersom du ikkje har hatt avføring dagen før operasjonen, får du eit lite klyster om kvelden. 
  • Operasjonsområdet og eventuelt skjegg (dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle) blir barbert.  
  • Du skal dusje og vaske håret like før du legg deg. Det er ikkje nødvendig å bruke nokon spesiell såpe. Etter dusjen skal du ha på reint sjukehustøy. Hugs å ta på tøflar/sko dersom du må opp, f.eks. på toalettet.
  • Du skal fjerne eventuell naglelakk og sminke. 
  • Du får tilbod om sovemedisin om kvelden. 
  • Etter kl. 2400 må du faste, dvs. ikkje ete, drikke, røyke, bruke snus eller suge på pastillar. 


  • Du blir vege. 
  • Ta av smykke og klokke. Den tida du er på operasjon- og intensivavdelinga vil bagasje og verdisaker vere innlåst i pasientgarderobe. Toalettmappe, eventuelt briller, hostepute og pustefløyte skal du ikkje pakke ned. Dette skal du ha med når du blir køyrt til operasjon. 
  • Dei fleste får ei «likegladsprøyte» om lag ein time før dei blir køyrt til operasjonsavdelinga. Denne gjer at du blir avslappa, døsig og litt tørr i munnen. 
  • Eventuelle tannprotesar blir tatt ut like før du blir køyrt inn på operasjonsstova. 

Under

På operasjonsavdelinga: 


Når du kjem til operasjonsavdelinga, blir du tatt imot av legen og sjukepleiaren som skal gi deg narkosen. Du får ein kanyle (lite, tynt plastrøyr) i ei blodåre på handa di og medisinar som gjer at du sovnar.              

Når du sovnar, legg anestesipersonalet eit røyr ned i luftrøyret ditt. Dette gjer vi fordi du under operasjonen blir kopla til ein pustemaskin (respirator), som hjelper deg med å puste. I tillegg legg vi inn eit urinkateter i urinblæra.                                                                                   

Operasjonen startar med at brystbeinet blir delt i to slik at ein kan brette brystbein og ribbein til side for å komme til hjartet. Under inngrepet er det vanleg at to kirurgar samarbeider. Ein spaltar brystkassen og opererer ut ei blodåre frå innsida av brystkassen og gjer klar for sjølve by-pass inngrepet. 

Den andre kirurgen opererer ut ei blodåre frå leggen og gjer denne klar til bruk på hjartet. Deretter blir du kopla til hjarte-lungemaskin, som blir nøye overvaka mens kirurgen arbeider med hjartet. 

Kirurgane samarbeider om å sy dei nye blodårene inn i hovudpulsåra (aorta) og inn i kransåra utanfor det tronge partiet. I mange tilfelle er det nødvendig med tre–fem slike nye årer. Under den delen av operasjonen der dei nye blodårene blir sydd på plass, blir hjartet stoppa, og hjarte-lungemaskinen sikrar nå blodomløpet til kroppen. Ved slutten av operasjonen legg kirurgen inn ein slange (thoraxdren) for å drenere væske frå operasjonssåret. Brystbeinet blir lukka med fleire ståltrådar som blir i kroppen etter operasjonen.  

Operasjonen varer vanlegvis i to–tre timar, men dette kan variere. 


Etter

Etter operasjonen blir du flytt til intensivavdelinga, der du blir halde sovande ytterlegare eit par timar. Etter vekking blir røyret på halsen din fjerna, og du kan puste sjølv igjen. Du blir liggande på intensivavdelinga til neste morgon. Då fjernar vi blant anna dren som blei lagt inn under operasjonen. Dei fleste pasientane er i fin form til å sitte i stol og ete frukost. 

Ein–to dagar etter operasjonen blir du flytt til sengepostens overvakingsrom. I overvakingsperioden er du kopla til ein del utstyr og slangar. Vi overvaker blant anna blodtrykk, hjarterytme, pustefunksjon og væskebalanse. To–tre dagar etter inngrepet vil det meste av slangar og leidningar bli fjerna, og du blir flytt til eit vanleg pasientrom.  

Dei fleste pasientane kan flytte til lokalsjukehuset sitt tre–fire dagar etter inngrepet. Totalt opphald på sjukehus er vanlegvis om lag ei veke. 

Besøk operasjonsdagen 


Du kan ta imot eit kort besøk (berre nærmaste pårørande) ut på kvelden operasjonsdagen. 

Oppfølging 


Vanlegvis kan fastlegen følge deg opp med tilsyn av sår, med fjerning av sting osv. etter operasjonen . Vi avtaler ingen kontroll ved vår avdeling.  

Når operasjonen er overstått, startar ein ny fase i opphaldet her. Du skal gradvis trene deg opp og komme i gang. Vi som jobbar her, vil vere støttespelarane dine, men eige initiativ og motivasjon er også viktig. 

Alle pasientar er forskjellige både med omsyn til alder og helse, og det kan derfor variere kor raskt ein kjem seg etter operasjonen. For nokre kan det kjennest tungt å komme i gang, mens det for andre kan kjennest lettare. 

Ein hjarteoperasjon er ei påkjenning både fysisk og psykisk. Humør og pågangsmot kan svinge. Dei aller fleste opplever like etter operasjonen å føle seg nedfor, og at framgangen enkelte dagar ikkje er heilt som ein forventa. 

Dette er heilt normalt, og du vil sjå at det kan vere lettare å ta ein dag av gongen.  

Det er vanleg å stå opp alt dagen etter operasjonen. Fysioterapeut og sjukepleiar på intensiven hjelper deg opp av senga etter morgonstell. Du kan starte med forsiktig fysisk aktivitet. 

Rett etter operasjonen får du individuell oppfølging av fysioterapeut. Etter kvart deltar du i fysioterapigruppe saman med andre pasientar. Samtidig blir det gradvis meir ditt ansvar å komme deg opp av senga, gå turar i korridoren og gjere øvingar. 

Brystbeinet gror i løpet av om lag seks–åtte veker (litt avhengig av alder). I denne tida er det viktig at du ikkje løfter tungt. Som nyoperert skal du først og fremst la bein/setemusklar bere kroppsvekt når du skal ut og inn av seng, opp av stol og flytte deg i senga. 

Det er vanleg med smerter i såret på brystkassen etter hjarteoperasjon. Du får derfor smertestillande medisinar til faste tider, og etter behov. Sårsmertene vil lette etter kvart. Det er viktig at du seier frå dersom du har vondt. Då kan vi lettare gi deg god smertelindring. God smertelindring gjer at du lettare kan vere i aktivitet, hoste opp slim, kvile og få god nattesøvn. 

Det er vanleg å bruke surstofftilførsel den første tida etter operasjonen. Noko slimdanning i luftvegane og av og til væskeoppsamling i lungesekken gjer at du lett kan føle deg kortpusta under trening og dagleg aktivitet. Det er viktig å få hosta opp slim frå lungene med rett teknikk. Dette vil fysioterapeut og sjukepleiarane hjelpe deg med. Pusten vil gradvis betre seg. 

Etter operasjonen observerer vi hjarterytmen din nøye. Det er ikkje uvanleg å få forbigåande hjarterytmeforstyrringar rett etter ein slik operasjon. Dette er vanlegvis ufarleg, men det kan kjennest ubehageleg. Hjarterytmeforstyrringar blir behandla med medikament. 

Etter tre–fire dagar er sårkantane vanlegvis tørre og har lukka seg slik at du trygt kan dusje. Dusj med bandasjen på og la såret lufttørke litt etter dusjen. Vi legg på ny bandasje etterpå. Ved ein by-pass-operasjon vil du også ha operasjonssår på beinet. Det er vanleg at det blir noko heving i beinet der det er henta blodåre. Sitt gjerne med beinet høgt når du kviler. Alle får ei kompresjonsstrømpe på det opererte beinet for å redusere hevingar. 

Kroppstemperaturen kan svinge etter operasjonen. Dette er ein vanleg reaksjon, blant anna på grunn av sårheilinga. 

Utreisesamtale og førebuinga til heimreise 


Tidspunkt for heimreise avtaler du med lege og sjukepleiar på visitt ein–tre dagar før utskriving. Kvelden før du blir skrive ut, får du ei utreisesamtale med lege. Legen sørger for at fastlegen din og lokalsjukehuset ditt blir orientert om operasjonen og behandlinga hos oss (sender epikrise). 

Sjukemeldingstid er avhengig av kor godt du har trent deg opp etter operasjonen, og kva arbeid du har. 

For nokre kan det vere aktuelt med opphald på eit opptreningssenter etter hjarteoperasjonen. Det finst brosjyrar i avdelinga som omtaler dei ulike tilboda. Dersom du ønsker å reise på opptrening etter opphaldet, hjelper vi deg med å planlegge dette og bestille plass. Blir du flytt til det lokale sjukehuset ditt, sørger personalet for plassbestilling. 

Under opphaldet og før du reiser heim, blir det ofte forandringar i kva medisinar du skal bruke. Mange pasientar har ei oppfatning av at dei kan slutte med alle hjartemedisinar etter ein hjarteoperasjon. Dette er nok ikkje rett, då nokre av medisinane har beskyttande verknad på hjarte og blodårer. Før utreise får du beskjed av legen om kva medisinar du skal bruke. 

Pasientar som har gjennomgått ein by-pass-operasjon, skal ta acetylsalisylsyre (Albyl-E) resten av livet. 

Sting etter dren kan du få fjerna 10–14 dagar etter operasjon. Ta sjølv kontakt med fastlegen din.  

Vi anbefaler at du bestiller time hos fastlegen fire–seks veker etter operasjonen for legekontroll med blant anna sjekk av blodtrykk, puls, hjarterytme og undersøking av operasjonssår. 


Vær oppmerksom

Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:

  • tung pust
  • bløding i såret
  • væske fra såret
  • aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • aukande hevelse i eitt eller begge bein
  • sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • svimmelheit eller svime
  • ​feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.

 

Sist faglig oppdatert 5/6/2025

Kontakt

Rikshospitalet Thoraxkirurgisk avdeling

Kontakt Thoraxkirurgisk avdeling

Oppmøtested




Aerial photo of Riskhospitalet in winter

Rikshospitalet

Sognsvannsveien 20

0372 Oslo

Transport

​Kart over Rikshospitalet

​Internbussen frakter deg raskt og trygt mellom Rikshospitalet og Radiumhospitalet på dagtid hverdager.

Se tidtabellen her

Kollektivtrafikk til Rikshospitalet

Kollektivtrafikken til Rikshospitalet blir noe påvirket av arbeidene med nytt sykehusbygg. Trikkeholdeplassen ved Rikshospitalet er nå stengt, og det er for tiden buss for trikk fra John Colletts plass. For nærmere informasjon, se Trikkeholdeplassen ved Rikshospitalet stenges.

For oppdaterte ruteinformasjon for buss, trikk og t-bane, se ruter.no eller ring 177.

 

Rikshospitalet offers good parking facilities in the main parking garage, located approximately 250 metres from the main entrance – towards the Esso petrol station.

See map of Rikshospitalet (PDF).

Access Square / Main entrance

The access square in front of Rikshospitalet is currently closed due to construction work. There is a temporary main entrance on the side of the building. Please follow signs to the Main entrance. 

By the Property Section / Eiendomsavdelingen

On the north side of Rikshospitalet, near the Property Section, there are short-term parking spaces and a ticket machine.

EasyPark code: 3006

Parent Parking

Rikshospitalet has a limited number of parking spaces available for parents/guardians or companions.
They may park free of charge in staff parking areas (P1–P3) if the child is under 18 and admitted to the hospital.

Show confirmation of parent parking at the main reception. This confirmation is included in the appointment letter.
Reception opening hours:

  • Monday to Friday: 07:00–21:00
  • Saturday and Sunday: 10:00–20:00

The reception will issue an electronic parking permit for the duration of the child’s hospital stay (maximum 14 days).
No physical permit is needed in the windscreen. Your vehicle registration number will be recorded electronically, and you will receive a receipt via SMS if you provide your mobile number.
Already paid parking will not be refunded by the hospital.

For children attending outpatient or day treatment, parking must be paid for in advance and reimbursement can be requested via Pasientreiser.

Payment Options

The hospital offers outdoor parking at all treatment locations.
You can choose to pay by card, coins, or via the EasyPark mobile app.

We recommend using post-payment or mobile phone payment, as it can be difficult to estimate the duration of a hospital visit.

Post-payment

With post-payment, you use a payment card (e.g. VISA) to reserve an amount at the parking machine.
If you don’t use the full parking time, the remaining amount will be refunded.

How to use it:

  1. Insert your card into the parking machine.
  2. Reserve an amount.
  3. Enter your vehicle’s registration number. No ticket is needed in the windscreen.
  4. When your visit ends, insert the same card into the same machine again to log out.

This system helps you avoid overpaying or having your parking time expire due to delays.

Parking time can also be purchased at the machine or via the EasyPark app (EasyPark adds a 15% surcharge for app use).
EasyPark SMS service: transaction fee of 3%, minimum NOK 2 (see instructions on the machine).

Rates

  • NOK 54 per hour
  • NOK 340 per day
  • NOK 1,119 per week
  • NOK 88 per hour at Building 10, Gaustad (max. 2 hours)

EasyPark codes:

  • Rikshospitalet long-term: 3012
  • Property section (F-wing): 3006
  • Rikshospitalet short-term (Building 10, Gaustad): 3000

Valid every day, 24 hours.

Contact

General enquiries:

Complaints

Complaints regarding control sanctions can be submitted via ous.parkerings.info or by post to:

Oslo University Hospital HF
Oslo Sykehusservice
PO Box 4956 Nydalen
0424 Oslo
Mark the envelope: Control Sanction – Parking

From 1 January 2017, parking areas at Oslo University Hospital are enforced in accordance with the Parking Regulations of 18 March 2016, No. 260

The Parking Register at the Norwegian Public Roads Administration. (In Norwegian only, vegvesen.no)

Har du vært til behandling, kan du søke om å få pengestøtte til reisen. Trenger du tilrettelagt transport for å komme til behandling, kan du ha rett til å få en organisert reise.

Les mer om hvordan du søker om å få betalt pasientreise og vilkår for å få dette innvilget

Praktisk informasjon

Sykehusapoteket på Rikshospitaler er sentralt plassert i vestibylen.
 
Åpningstidene for publikumsavdelingen er
  • mandag til fredag kl. 08.00–17.00
  • lørdag til søndag: stengt
Det kan forekomme avvik i åpningstider i forbindelse med høytider. Se apotekets egne nettsider.​

​Kontakt​

  • Telefon: 23 07 34 09
  • Fax: 23 07 34 11​

Dette er noen av aktivitetene som foregår på Rikshospitalet:

  • Natursti
  • Lekeplass 

​​Ungdom​srom:

  • Ungdomsrommet ligger i 1.etasje på Barneklinikken ​(E2.1001).

Fritids​klubb:

  • Mandag og onsdag fra kl 17.00 til​ 19.00 for barn og ungdom i skolealder. Fritidsklubben foregår på ungdomsrommet. Søsken og pårørende er også hjertelig velkommen.

Arrangementer​:​

  • Arrangementer for barn og ungdom. Egne oppslag for aktuelle arrangementer henges opp på alle avdelinger.

Pa​​sientb​​ibliotek:

  • Biblioteket ligger i 1. etasje mellom hovedinngangen og Barneklinikken. Her kan man låne bøker, filmer og spillutstyr (spillkonsoller og spill).
Trimrom:
  • Under personalkantina i B-avsnittet ligger trimrommet.
Lekerom:
  • Alle de store barnepostene har egne flotte lekerom og førskolelærer som jobber på posten. 
  • I Barneklinikkens vestibyle er det en lekekrok med klatrevegg og myke puter til å bygge med. Denne kan brukes av alle.​
Musikkterapi:​​
  • Musikkstund ved musikkterapeutene OUS: Samspill og lek med instrumenter, tirsdager klokken 11.15–12.00 i 3. etasje, Barneklinikken. 
  • Musikk i Vaktskiftet ved musikkterapeutene OUS: torsdager fra kl. 14.30 i Vestibylen 1. etasje, Barneklinikken. ​
Sykehusklovner​:
  • Sykehuset har egne sykehusklovner mandag til torsdag hver uke.
  • Klovnene går rundt på huset og er innom faste barneposter. De kan også komme på besøk til deg hvis du vil det. Kanskje er du redd eller gruer deg veldig? Da kan kanskje sykehusklovnene gjøre at du føler deg litt bedre.
  • Vil du vite mer om klovnene, kan du be en av oss som jobber her om å ta kontakt med Barneprogrammet ved ragnhild.hals@rikshospitalet.no

Please avoid visiting patients between 08:00 and 15:30, as assessments and treatment is taking place during this time.

Visiting hours are displayed on a notice board in the ward. Visits outside these hours must be arranged with the staff.

Leave of absence must be agreed upon with the responsible physician.

 

Translated from Norwegian to English by Copilot.

Deichman OUS Rikshospitalet

Paseintiblioteket på Rikshospitalet ligger til venstre for hovedinngangen med en gang du kommer inn.

Deichman Etat, Oslo kommune har ansvaret for driften av Pasientbiblioteket på Rikshospitalet.​

Hvem kan lå​ne?

Pasientbiblioteket kan benyttes av pasienter (også dagpasienter), pårørende og ansatte ved Oslo universitetssykehus (OUS). Vi leverer bøkene på rommet til pasienter som selv ikke kan besøke biblioteket.

Hv​​a kan du låne?

Bøker, lydbøker, tegneserier, tidsskrifter, film (DVD), musikk, CD- og DVD-spillere og spillmaskiner med tilhørende spill. I biblioteket er det også en PC med tilgang til internett, som pasienter og pårørende kan benytte seg av.

Åpningstider​

Rikshospitalet – Deichman.no

Kontakt​​​

Følg pasientbiblioteket på Facebook

Ved Rikshospitalet er det mulig å kjøpe blomster og gaver i kiosken ved hovedinngangen.

Noen sengeposter tillater ikke blomster på rommene. Sjekk med den avdlingen du skal til, om de tillater blomster på rommet.​

​Dagligvarebutikk nær Rikshospitalet

Det ligger ikke dagligvarebutikker i umiddelbar tilknytning til sykehusområdet.

Nærmeste Kiwi finnes på John Colletts Plass, tre trikkestopp unna Rikshospitalet og Gaustad. Dette er det beste alternativet for besøkende som ikke har bil, eller som ikke ønsker å gå et stykke for å komme til butikken.

Ved Ullevål stadion, i gangavstand fra sykehuset, ligger det flere dagligvarebutikker – blant annet Kiwi og Coop. Her er det gode parkeringsmuligheter.

På Vinderen er det også gode handlemuligheter og cafeer. Elleve minutter gåavstand, eller du kan ta T-banen et stopp fra Gaustad (sju minutter). Forøvrig gode parkeringsmuligheter om du kjører (ut av bomringen).

Inne i Sogn studentby ligger det en Rema1000. Her er det gode parkeringsmuligheter.

Dette er et tilbud til foreldre med barn under 18 år som er innlagt på sykehuset. Avdelingen der pasienten ligger er ansvarlige for å bestille rom.
 
Foreldreovernattingshuset er et frittstående modulbygg som ligger i nordenden av RIkshospitalet, nedenfor Bygg 14 på Gaustad sykehus. 

Frisørsaleongen på Rikshospitalet er for tiden stengt på grunn av byggearbeider. 

Det vil ikke lenger være mulig å overnatte på Gaustad hotell for pasienter og pårørende. Oslo universitetssykehus vil sørge for alternativ overnatting. 

​Alternativ overnatting

Oslo universitetssykehus sørger for alternativ overnatting ved:

Bestille, endre eller kansellere opphold

Du bestiller, endrer og kansellerer via sykehusavdelingen du er på eller med hotellet du skal bo på. 

Du kan også bestille direkte via Medirest som drifter hotellene på vegne av sykehuset:

Du får tildelt overnatting basert på ønske og kapasitet på hotellene. ​

Transport til og fra​

Resepsjonen på hotellet sørger for at du blir transportert til og fra Rikshospitalet. 

​Hvem kan bo på pasienthotellene?

Pasienthotell ​er et tilbud for pasienter og deres pårørende. Tilbudet er beregnet på pasienter som er selvhjulpne og som er til poliklinisk- og/eller dagbehandling. Tilbudet gjelder ikke for pasienter som er innskrevet ved sykehuset.

Ledsagere til pasienter og andre gjester kan også bo på hotellet, så fremt det er ledig kapasitet.

Det er også mulig å leie møtelokaler.

Pasientreiser

Du kan få dekket din pasientreise når du reiser til eller fra offentlig godkjent behandling.

Du kan ha rett på godtgjørelse for utgifter til mat og overnatting når du har vært på reise til eller fra behandling.

Det er fri, kodeløs internettilgang på sykehuset.

Biblioteket har en datamaskin med internettilgang som er tilgjengelig for pasienter/pårørende.

Foto, filming, lydopptak og sosiale medier

Alle pasienter på sykehuset har krav på privatlivets fred når de er på sykehus. Vis hensyn ved å ikke ta bilder, film eller omtale andre på sosiale medier uten å ha spurt dem først.

Les mer om reglene for bilder, film og lydopptak ved OUS.

​Pasienter bør ha med oppdatert medisinliste ved innleggelse.

Ta med gode sko, behagelige klær,  toalettmappe og hjelpemidler

​Det frarådes å anvende parfyme på sykehus. Sterke lukter medfører alvorlig ubehag hos mange og allergiske reaksjoner hos noen. Ikke bruk parfyme når du skal på sykehus, hverken som pasient eller besøkende.

​Postkasse på Rikshospitalet

Postkasse finnes ved hovedinngangen, bygg B1.

​Røyking på Rikshospitalet

Oslo universitetssykehus er et røykfritt sykehus.

​Sykehusskolen på Rikshospitalet

Sykehusskolen på Rikshospitalet finner du på Barneklinikken E1.

Sykehusskolen har egne lærere og egne rom på sykehuset. Det kan være godt å komme ut av sykehusavdelingen og tenke på noe av det du vanligvis gjør. Hvis du ikke kan komme til skolerommet, kan du få undervisning på pasientrommet.  

Sykehusskolen er annerledes enn skolen din hjemme. Her er det ikke klasser. På Rikshospitalet betyr det at barn og ungdom fra ulike klassetrinn i grunnskolen og videregående skole kan få undervisning i det samme rommet.

På sykehusskolen får du en egen kontaktlærer som har ansvaret for å følge deg opp. Hun/han tar kontakt med skolen din for å finne ut hva de andre jobber med, og hva som kan være gode læringsmål for deg mens du er pasient.

Åpningstider

  • Mandag: 09.30–12.30.
  • Tirsdag til torsdag: 09.30–12.30 og 13.30–15.30.
  • Fredag: 09.30–12.30 og 13.30–15.00.

Skolen holder åpent høst- og vinterferie.

The hospital provides qualified interpreters for patients who do not speak Norwegian. Interpreting services are free of charge for patients. Relatives must not act as interpreters at the hospital.

Read more about interpreters and the Interpreting Centre.

​Sykehuskirke på Rikshospitalet

Kirken i glassgaten er alltid åpen. Her kan du sitte i stillhet. Du kan også tenne lys,be eller skrive ned det du har på hjertet hvis du vil at vi skal be for deg eller andre.

Kirken er i avdeling C2, rom 1034.  

Kapell på Rikshospitalet

Kapellet benyttes til båreandakter, begravelser og syninger av døde. Rommet er tilrettelagt for bruk av alle tros-og livssyn.

Kapellet er i A2, rom 1034. 

Tilrettelegging for tro og livssyn

Se hvordan vi kan tilrettelegge for deg og din utøvelse av tro og livssyn.

Vi ber om at pasientene i størst mulig utstrekning ikke tar med seg verdisaker ved planlagt innleggelse. 

Mindre verdisaker som lommebok, kontanter, smykker og nøkler kan sykehuset oppbevare i en verdipose i et spesialsikret rom. Verdisakene leveres inn ved innleggelse og utleveres ved utskrivning.

Større ting må oppbevares på post eller overleveres pårørende.

Ta kontakt med posten du skal innlegges for mer informasjon.