CPAP, kontinuerlig positivt luftvegstrykk 

CPAP er ei behandling der ein pustar ut mot eit lite overtrykk. Dette gjer at luftvegane ikkje lukkar seg så tidleg som dei elles ville gjere, og derfor opplever ein det som lettare å puste.
 

Kvifor gjennomfører ein dette?
Når ei slik maskin vert brukt heime er det som behandling av tilstandar der luftvegane lukkar seg for tidleg. Ein slik tilstand kan vere ”Obstruktiv søvnapnoe”(OSAS, ”snorkesjuke”). Ved denne tilstanden vil luftvegane lukke seg i enden av utpust(snorkelyd), og det kan vere vanskeleg å opne dei att(pustepausar/snorklelyd). Maskina motverkar dette.

Korleis kan eg førebu meg?
Ingen spesielle førebuingar er naudsynte. Dersom det skal gjennomførast undersøkingar i forkant, vil du få beskjed om dette. Dette kan t.d. vere registrering av pustemønster og oksygeninnhald i blodet om natta.

Korleis foregår behandlinga?
Maskina har ein slange som er festa i ei maske. Maska har ein stropp som ein tek over hovudet, slik at maska sit godt fast i ansiktet. Det finst forskjellige typar masker, nokre dekkar både nase og munn, andre berre nase, og atter andre kjem som berre naseproppar.

Gjer det vondt?
Det gjer ikkje vondt, men nokre opplever det noko innestengt/klaustrofobisk å ha på seg ei maske, medan andre synest det er litt ekkelt å ”puste i motvind”. Dei fleste venner seg til det etter relativt kort tid. Dersom ikkje maska sit godt og riktig, kan det verte lekkasje. Dette er ikkje farleg, men kan vere ubehageleg. Oftast hjelper det då å gjere små justeringar, evt. må ein finne ein annan type maske.

Kor lenge varer behandlinga?
Variabelt, avhengig av grunnen til at ein må bruke maskina. Ved OSAS er det ofte over lang tid; fleire år. Men kun når ein søv……

Kva skjer etterpå?
Etter at ein har funne riktig maske og maskina er rett innstilt, kan du reise heim. Oftast vert alt dette gjort på poliklinikken. Av og til er det meir komplisert, og då kan ei kort innlegging på avdelinga vere naudsynt.

Biverknadar og komplikasjonar
Behandlinga har ingen alvorlege biverknadar. Viss maska er for stram, kan det utvikle seg sår, spesielt over naseryggen. Lekkasje kan vere eit problem for nokon.

Vedlikehald
Maska må reingjerast regelmessig. Du vil få opplæring i dette ved utlevering av utstyr.

Oppfølgjing
Etter oppstart av CPAP-behandling vil det vere regelmessig oppfølging på poliklinikken. Ein kan óg ta kontakt med poliklinikken utanom time dersom ein har problem med maskin eller maske. Ein vil då anten få snakke med lege eller spesialsjukepleiar med dette som ansvarsområde.

 Kategorier

 Diagnose

 Relevante behandlinger

 Utføres ved


Publisert 14.11.2011 15:45 | Endret 16.12.2011 13:47 

Oslo universitetssykehus HF | Telefon sentralbord: 02770 (fra utland: +47 915 02770)
e-postmottak:post@oslo-universitetssykehus.no (Henvendelsen må inneholde fullt navn og postadresse. Personlige spørsmål av medisinsk art kan dessverre ikke besvares per e-post)
Postadresse: Postboks 4950 Nydalen, 0424 OSLO | Besøk: Kirkeveien 166 (Ullevål sykehus) Bygg 1, 1. et.
Organisasjonsnummer: 993 467 049 | Nettredaktør: Ingvild Utne

Universitetet i Oslo - logo